Viser arkivet for stikkord tronvold

Naturfoto med Tronvold blei stor suksess

Stig Tronvold snakka om naturfoto

No i kveld hadde fotoklubben samling på Frivilligsentralen, der Stig Tronvold presenterte naturfotografering. 18 fotointresserte var samla og tom. lokalpressa var representert. Stig starta kvelden med å læra oss om fototeknikk, før han viste ei lang fotoserie med blinkskott. Under vegs og etter framvisinga blei det stillt spørsmål frå deltakarane.

Vi fekk inspirasjon til naturfoto og fleire av oss fekk lyst til å setja av timar på å få fram akkurat det rette motivet. Inspirasjon er alltid kjekt :-)

Var du der? Hugsar du noko kjekt eller var det eit spørsmål du ikkje fekk svar på? Fyr laus i kommentar-feltet :-)

Fleire av Tronvold sine bilete kan sjåast på samfoto.no

Lokalpressa var representert — Naturfoto med Stig Tronvold

Data og prosjektor blei også brukt — Naturfoto med Stig Tronvold

Intresserte deltakarar — Naturfoto med Stig Tronvold