Viser arkivet for stikkord tips

Sånn får du laus filteret frå objektivet

Faksemile: eHow.com

Nokon gongar sit filteret bom fast på objektivet. Då er det nesten umogeleg å få det laus. Nokon i fotoklubben har spurt meg kva ein gjer for å få det laus, og andre har foreslått at klubben burde ha utstyr for å fjerna fastlåste filter frå objektiv.

Eg har liten og ingen kunnskap om dette sjølv, men spurte ein kamera-reperatør. Han svarar dette, via e-post:

Tips for å få løs filter er å lime en runde med dobbeltsidig tape rundt kanten på filter. Da får man godt tak .Zoom ut objektivet slik at man får godt tak i samme del som filter festet i uten å “vri hele objektivet”. Prøv å få fatt i en tape som er litt “myk”…. Dette virker også på polfiltre som ofte har veldig liten kant å skru på.

I noen tilfeller bruker vi også “spennbånd” av samme type som man bruker for å løsne oljefiltre, det er i ekstreme tilfeller med store filtre. Dette er vanskelig å få til, og fører ofte til skade på filteret.

Er filter støtskadet slik at det ikke kan tas av på normal måte er det verre.. må da ofte knuses og ringen må fjernes etterpå. Anbefales at dette gjøres på verksted.

Om nokon vil prøva seg på dette i regi av fotoklubben, så kan vi gjerne dela erfaringar på ein drøskveld.

Les meir om filter hos eHow.com (engelsk)

10 tips (eng.) for makrofoto

Takk til Jørgen som kom med den her sida:

Vi blir servert ti gode tips (på engelsk) for makrofotografering.

Rensepenn til kamera

Eg fekk spørsmål (frå Cato) om kvar eg hadde kjøpt rensepennen min, som eg brukar til fotoapparatet. Den kjøpte eg på fotobutikken på Bystasjonen i Bergen, og eg trur eg betalte litt over 200,- for den.

Eg ser på nettet at den fins (i stor utgave) til f.eks. kr. 149,-

Kjøp deg ein rensepenn i ein fotobutikk, eller (om du ikkje er i nærleiken av ein fotobutikk) ting deg ein på Internett.

Vil du læra meir, sjekk ut den her videoen:

Introduksjonsvideo om Lightroom 3 (LR3)

Eg såg ein veldig nyttig video om Ligthroom 3, som eg tenkte andre også kunne ha glede av. Den er under 1/2 time lang, og ligg på nettsida Ustream:

Du får demonstrert nokon av dei nye funksjonane i LR3, samt at spørsmål frå sjåarane blir besvart på direkten.

Lightroom-journalen som han pratar om, fins her:

Opplæringsvideoane på AdobeTV, fins her:

Om du har sett introduksjonsvideoen (LR Brown Bag) og lurer på kva for kamera-modellar som har såkalla “Tethered Support” (at du kan fotografera direkte til Lightroom), så finn du ei lista her:

Kva likar du best med den nye Adobe Lightroom 3?

Tilnerma gratis "kamerastativ"

$1 Image Stabilizer

Helene skreiv i 2008 om Tidenes billigste monopod
Det kom spørsmål om denne på forrige fotomøte, i samband med bruk av stativ for å fotografera panorama-bilete. Då eg leita meg tilbake, ser eg at videoen Helene peika til ikkje lenger er tilgjengeleg.

Men det fins mange fleir filmklipp som visar det same prinsippet.

Her er ein av dei:

Om denne videoen også forsvinn, bør du søka etter $1 Image Stabilizer på Google.

Programtips: PhotoJoy

PhotoJoy

Her er eit lekkert Windows-program som lar deg bruka dine eigne bilete på kreative måtar.

Programmet er gratis, og kan lastast ned frå:

Tips til kjøp av mini-kamera

Diverse små kamera

I dag fekk eg eit spørsmål om å hjelpa nokon med å kjøpa set eit veldig lite digitalt fotoapparat. Då eg var ferdig med svaret, tenkte eg at andre også kanskje kunne ha glede av det:

Om du skal ha eit lite kamera fordi du ikkje vil dra på mykje ekstra, så ville eg (om eg var deg) kjøpt ein mobil med bra kamera. Då har du ein dings å dra på. Mobil må du jo uansett dra på…

Skulle eg hatt eit kamera utanom mobilen, ville eg ikkje gadda å kjøpt eit kamera som var bittelitt betre enn det du får i dagens gode mobiltelefonar. Då ville eg i staden kjøpt eit kamera som var langt betre enn det du får i ein mobil. Her er nokre forslag:

Du kan lesa mykje om dette temaet på nettet, og du kan snakka lenge med dei som sel denne type kamera.
Den nyaste butikken i Odda som sel digitale fotoapparat heiter Euronics:

Kom gjerne med dine tips og meiningar, her.
Syns du eg tar feil, så skrik ut!

Gode artiklar om digitalfoto

Artikkel om digitalfoto

Kan vi prøva å laga ein tråd med gode nettartiklar om digitalfoto?
Eg tenkte at om vi postar ein kommentar under dette hovudinnlegget per “tips”, så kan dette kanskje bli ein god ressurs.
For å få dette til å gå bra ønskjer eg at vi har ein enkel regel for tråden vår:

  • Ikkje kommenter artiklar eller innlegg

Då prøver eg med første artikkeltips:

Programtips: Picasa 3 frå Google

Picasa 3

Picasa 3 er den neste utgåva av Google sitt bildehansamingsprogram. I skrivande stund fins det ikkje i norsk språkversjon, men det kjem. Den forrige utgåva av programmet er også veldig god og fins på norsk:

  • http://picasa.google.com/download_picasa.html

Men til oss som ikkje er redd for litt utanlandsk, så er dette nettadressa:

  • http://picasa.google.com/

Programmet fins for Windows og Linux.

Her er ein film som visar litt av det programmet kan gjer: