Viser arkivet for stikkord studio

Ikea-benk til fotostudio

Ved fotografering i fotoklubben sitt store fotostudio, treng vi ofte stolar, krakkar og benker. Dette har tidlegare vert etterlyst her. Eg har vert innom på Ikea å brukt kr. 495,- på ein kvit Ikea-benk.

Benken har plass til ca. tre personar, og eg håpar den kan koma til nytte ved fotografering av gruppebilete.

Eit tilsvarande produkt som vi kanskje kunne fått nytte av, er Ikea BEKVÄM Trappestige, kvit til kr. 129,-

Evt. nokon andre stol- eller krakk-løysingar.

Bittelite fotostudio med lampar

Portable Photo Studio frå ThinkGeek.com

Er det nokon som kan leita fram aktuelle mini-fotostudio som vi kanskje kan kjøpa inn?
Eg har funne ei løysing utan lampar, i ein amerikansk nettbutikk, til ca. $50 + frakt, toll, moms, etc:

Vi har tidlegare hatt eit mål om å laga eit flyttbart fotostudio for makro, men dette blir kanskje aldri noko av?

Bygg deg eit flyttbart fotostudio for makro

Fotostudio for makro

I eit fotostudio har du ofte ein bakgrunn som er kvit og jamn. Du får full kontroll over lys og skuggar, når du fotograferer i eit studio. Om det er mindre gjenstandar du skal fotografera, treng du kanskje eit lite fotostudio. Her kan du læra korleis du kan laga ditt eige flyttbare fotostudio for makrofotografering:

Kjelde: Tekzilla