Viser arkivet for stikkord spørsmål

Etterlys foto av Erlend Nødtvedt på Litteratursymposiet

Faksemile frå Google bildesøk

Er det nokon i fotoklubben som har fotografert Erlend O. Nødtvedt (f. 1984), som deltok på Working Class Hero på Litteratursymposiet i år?

Det er ein Journalist som vil kjøpa (om eg forstod rett) bilete til bruk i ein artikkel og det hastar, i og med at artikkelen skal på trykk allereie på fredag.

Anyone?

Krysspost frå Facebook

Spørsmål: Kva for eit mini-kamera bør eg kjøpa?

Leica D-Lux 6

Eg fekk spørsmål om kva for eit lite kamera ein bør kjøpa.

Først tenker eg at om ein ikkje orker å dra på eit fotoapparat, så bør ein vurdera å kjøpa seg mobiltelefon med bra kamera innebygd. Då slepp ein å dra på noko ekstra, og kan kanskje ta seg råd til å bruka ekstra pengar på neste mobiltelefon.

Men om ein først skal kjøpa seg eit lite tilleggskamera, så fann eg desse alternativa til han som spurte:

  • Canon Ixus 220 HS – Kr. 890,- hos CDON.no m/veske er knallbra!
  • Canon PowerShot S100 – Kr. 2 495,- hos FotoVideo.no er klassikar-kameraet.
  • Olympus XZ-1 – Kr. 2 645,- hos JapanPhoto.no
  • Panasonic Lumix DMC-LX7 – Kr. 3 745,- hos FotoVideo.no
  • Sony Cyber-shot DSC-RX100 – Kr. 4 985,- hos JapanPhoto.no
  • Leica D-Lux 6 – Kr. 5 995,- er kongen på haugen!

…håpar dette kan koma til nytte for andre også, og om nokon har kommentar, støtte, motførestillingar, etc. så skriv for all del ein kommentar :-)

PX og dimensjon ved lerret

Eg fekk dette spørsmålet, og tenkte at andre kunne vera med å diskutera:

Er px det samme som dimensjoner??? Har ett bilde jeg vil ha på lerret men vil jo ha best mulig kvalitet når det blir oppblåst og i den størrelsen jeg helst vil ha så står det at de anbefaler at bildet er 6000×9000 px, men det eneste jeg ser på bildet mitt er at det står dimensjoner: 3085×2768

Eg tenker at ordet dimensjonar rommar fleire ting enn px.
Eit bilete sine dimensjonar kan vera i cm, tommer, lengde i forhold til breidde, etc.
PX er kort for pixel og er bildepunkt. Prikkar, på ein måte.

Er det andre som kan hjelpa med meiningar her?