Viser arkivet for stikkord raw

Spørsmål om ARW-filer

Sony RX100

Eg fekk dette spørsmålet via e-post, og tenkte at dette kunne kanskje andre også delta på eller ha nytte av:

Har fått meg eit nytt kamera. Sony RX100
Og slit litt med å finne eit program til å konvertere ARW formatet. Har du eit tips om program?

Og her er mitt svar:

Tja.. kan det stemma at Sony RX100-kameraet blei lansert i juni i år?
Programvare som er eldre enn det, kan naturligvis ikkje konvertera eller jobba med RAW-filer frå dette kameraet.

Her er ein oppdatert raw-konverter for Mac:
www.raw-photo-processor.com/RPP/Overview.html

…og Adobe kjem nok med ein oppdatering til sin RAW-konverter for Windows om ikkje alt for lenge, som støttar det nye kameraet.

Elles er det alltid lurt å prøva programvaren som følger med kameraet:
support.d-imaging.sony.co.jp/imsoft/Win/idc/us.html
support.d-imaging.sony.co.jp/imsoft/Mac/idc/us.html

Då håpar eg du er hjelpen :-)

Innspel?
Kommenter gjerne!

Støtte for Camera RAW rett i Windows

Dette er ikkje nytt, men mangen av oss som brukar Windows kan enkelt få støtte for fotoapparatet sine bilete i RAW-format utan å bruka Photoshop eller andre dyre program.

Vi må berre leggja inn ei oppdatering frå Microsoft:

Kjekt å ha… ting blir enklare :-)