Viser arkivet for stikkord projektor

Lyd til den nye nye projektoren

Kanskje det bør koma på plass ei permanent og god løysing for lyd i kjellarlokala til Frivilligsentralen. Når det no kjem på plass ein ny og god projektor, fastmontert med takfeste, hadde det vert kjekt med innspel til korleis rommet kunne forsynast med lyd.

Fastmonterte høgtalarar som skal kunne brukast frå lydutgangen på ein bærbar PC, er det som må til. Bærbare PCar har alltid minijack-utgang for stereo-lyd. Nokon bærbare har digital lydutgang for surround, mens andre kan få dette til ved bruk av eit USB-lydkort.

Her er forslag til løysing:

Enklast – to aktive høgtalarar
+ Frå PC, rett til lyd-inngangen på første høgtalarar (med innebygd forsterkar) og enkel lyd-kabel vidare til neste høgtalar
- Må føra fram straum til første høgtalar
- Volumjustering (utover det ein gjer på PCen) må skje oppe på sjølve høgtalaren?

Stereoforsterkar og høgtalarar
+ Utprøvd og velkjend løysing
+ Kan utvidast med ekstern sub i etterkant
- Må finna plass til forsterkaren…

Enklaste surroundløysing
+ Enkel 5.1-løysing, f.eks. frå Logitech
+ Veldig rimeleg
- For korte kablar?

Enkel surroundløysing
+ Receiver og høgtalarsett med sub, f.eks. frå Harman Kardon
- Dyr?

Avansert løysing
+ Plasser forsterkar og styringsutstyr ute av syne for brukaren
+ Balansert kabling til høgtalarane (pga. lange kabelstrekk)
- Veldig dyrt

Har du forslag, tankar, idéar og innspel?

Kva for projektor bør fotoklubben kjøpa?

Optoma HD200X

Eg syns vi bør starta haust-sesongen med ny takmontert prosjektor og nytt lerret (diskutert i tråden Hvilke type lerret skal vi ha?). Om vi får tilslag på søknad er enno uvist, men det er absolutt lov å planleggja.

Kva for ein projektor bør fotoklubben kjøpa inn?
Den skal primært brukast til å visa fargefoto i høg oppløysing, så det såkalla fargerommet til bildekastaren bør vera høgt.

Elles har vi ikkje ubegrensa med pengar, så vi må også sjå etter noko som ligg rimeleg i pris.
Her kom eg over ein som ser grei ut, til ein ganske så god pris:

Kan du som les dette leita litt i diskusjonsforum, testar, etc. og sjå om du finn andre aktuelle projektorar som vi bør vurdera?