Viser arkivet for stikkord program

Lightroom 4-prisen er klar

Adobe Photoshop Lightroom 4

I følgje akam.no har Adobe lansert prisen på neste utgåve av Lightroom. Dei uttalte prisane kan tyda på at vi vil få desse norske prisane:

  • Fullversjon ca. kr 1 090,-
  • Oppgradering ca. kr 620,-

Og om fotoklubben får rabatt gjennom NSFF gjenstår å sjå.

Picasa 3.6 på norsk

Picasa 3.6 på norsk

Google sitt biletehansamingsprogram Picasa 3.6 er no tilgjengeleg i norsk språkdrakt. Nytt i denne utgåva er gjenkjenning av ansikt, integrasjon mot Google Maps og samarbeid om fotoalbum.

Den oppdaterte utgåva av programmet kan lastast ned frå:

Les meir…

Programtips: Photo Story 3 frå Microsoft

Photo Story 3

Microsoft sitt program for å laga fine presentasjonar av bileta dine. Programmet er gratis og kan lastas ned her:

Det er dog to ting du må passa på:

1. Programmet fins berre for Windows 2. Du må ha gyldig Windows-lisens som lar seg validera av Microsoft Genuine

Her er ein film som visar litt av programmet:

Programtips: Picasa 3 frå Google

Picasa 3

Picasa 3 er den neste utgåva av Google sitt bildehansamingsprogram. I skrivande stund fins det ikkje i norsk språkversjon, men det kjem. Den forrige utgåva av programmet er også veldig god og fins på norsk:

  • http://picasa.google.com/download_picasa.html

Men til oss som ikkje er redd for litt utanlandsk, så er dette nettadressa:

  • http://picasa.google.com/

Programmet fins for Windows og Linux.

Her er ein film som visar litt av det programmet kan gjer: