Viser arkivet for stikkord picasa

Picasa 3.6 på norsk

Picasa 3.6 på norsk

Google sitt biletehansamingsprogram Picasa 3.6 er no tilgjengeleg i norsk språkdrakt. Nytt i denne utgåva er gjenkjenning av ansikt, integrasjon mot Google Maps og samarbeid om fotoalbum.

Den oppdaterte utgåva av programmet kan lastast ned frå:

Les meir…

Skaff deg ACDSee Photo Editor 2008 gratis

ACDSee Photo Editor 2008

Photoshop er nok for dyrt og Picasa er kanskje ikkje god nok på profisjonell finjustering. ACDSee Photo Editor 2008 er eit knakande godt program som i utgangspunktet er ganske rimeleg. No kan du få det heilt gratis. Og då snakkar vi lovleg, gratis :-)

Tipset kjem via DinSide-artikkelen Slik får du fullversjoner gratis

Her er framgangsmåten

Du lastar ned demo-utgåva av ACDSee Photo Editor 2008 frå heimesida:

Vidare må du gje ei gyldig epostadresse (gjerne ei spam-adresse, om du har) til denne franske sida:

Du får då gyldig kode tilsendt og kan registrera prøve-utgåva du lasta ned.

Programmet blir då fullverdig.
Verdien på programmet er $35.99 eller NOK 200,-

Ny Picasa 3.5 frå Google

Google lanserte i kveld versjon 3.5 av sin veldig populære og nyttige fotoprogramvare Picasa. Programmet gjer arbeid med fotosamlinga kjekt og lettar oppgåver.

Versjon 3.5 fins for for Windows XP, Windows Vista og Windows 7.
Picasa 3.5 er gratis og kan lastast ned her:

Programtips: Picasa 3 frå Google

Picasa 3

Picasa 3 er den neste utgåva av Google sitt bildehansamingsprogram. I skrivande stund fins det ikkje i norsk språkversjon, men det kjem. Den forrige utgåva av programmet er også veldig god og fins på norsk:

  • http://picasa.google.com/download_picasa.html

Men til oss som ikkje er redd for litt utanlandsk, så er dette nettadressa:

  • http://picasa.google.com/

Programmet fins for Windows og Linux.

Her er ein film som visar litt av det programmet kan gjer: