Viser arkivet for stikkord objektiv

Ny versjon av Canon 24-70 f/2.8

Illustrasjonsbilete: Canon

Då er Canon sitt nye 24-70 f/2.8 II-objektiv blitt testa, og alt tydar på at dette er eit sylskarpt normalobjektiv for fullformat. Vi som har mindre sensor får (som alltid) nyta godt av den beste delen (midten) av glasset, men må tilgjengjeld godta ei opplevd brennvidde på 38-110 mm.

Eit veldig spennande og atraktivt objektiv som er prisa litt høgt, i og med at det ikkje er tilgjengeleg i nokon butikkar enno.

Lenke:

For oss som er litt ekstra intressert, har Lensrentals ein fin artikkel om innsida på det nye objektivet:

Sånn får du laus filteret frå objektivet

Faksemile: eHow.com

Nokon gongar sit filteret bom fast på objektivet. Då er det nesten umogeleg å få det laus. Nokon i fotoklubben har spurt meg kva ein gjer for å få det laus, og andre har foreslått at klubben burde ha utstyr for å fjerna fastlåste filter frå objektiv.

Eg har liten og ingen kunnskap om dette sjølv, men spurte ein kamera-reperatør. Han svarar dette, via e-post:

Tips for å få løs filter er å lime en runde med dobbeltsidig tape rundt kanten på filter. Da får man godt tak .Zoom ut objektivet slik at man får godt tak i samme del som filter festet i uten å “vri hele objektivet”. Prøv å få fatt i en tape som er litt “myk”…. Dette virker også på polfiltre som ofte har veldig liten kant å skru på.

I noen tilfeller bruker vi også “spennbånd” av samme type som man bruker for å løsne oljefiltre, det er i ekstreme tilfeller med store filtre. Dette er vanskelig å få til, og fører ofte til skade på filteret.

Er filter støtskadet slik at det ikke kan tas av på normal måte er det verre.. må da ofte knuses og ringen må fjernes etterpå. Anbefales at dette gjøres på verksted.

Om nokon vil prøva seg på dette i regi av fotoklubben, så kan vi gjerne dela erfaringar på ein drøskveld.

Les meir om filter hos eHow.com (engelsk)

Noen som kan hjelpa meg ??

Noen som kan hjelpa??!

Eg har eit lite/ganske stort problem.
Neste helg 29. til 31. okt) skal Indre Hardanger Rideklubb på tur til Rauland, og såklart vil eg ha med meg 2-300 GODE bilder heim!
Problemet er: ridehallen er MØRK.. Og hestane er RASKE! Dårlig kombinasjon.. Spesielt for mitt stakkars objektiv med blendaropning på 18mm.. Greit nok det, men på langt nær godt nok i denna sammenheng..

Er det noen som kunne lånt meg eit objektiv som taklar denne utfordringa, eller evt ein blitz for et par hundrelappar?

(Kameraet mitt er forresten eit Canon EOS 400D)

Eg har kopiert det for Synne H Lindvik

Lyssterkt Canon-objektiv til speglrefleks

Eg får ofte spørsmål frå folk som eig Canon-kamera, og som vil oppgradera med eit meir lyssterkt objektiv. Objektivet som følger med kameraet krev ofte bruk av blits for å kunne ta akseptable bilete inne. Så kva skal ein kjøpa?

Eg ville gått for eit objektiv som var absolutt mest lyssterkt, og heller valgt vekk funksjonar som biletestabilisator, zoom, etc.

Det mest prisgunstige alternativet er:

Eit hakk opp, og med metallinnfatning og større blendaropning:

Om 50 mm blir for trangt for deg (du må stadig lenger unna, for å få med det du vil fotografera), kan eit av 35 mm-objektiva vera eit alternativ. Her er eit som ikkje er fullt så lyssterkt, men likevel akseptabelt:

Og om pengar ikkje er viktigst, så kan du prøva deg på ein:

Er det nokon her som har erfaringar med nokon av desse objektiva? Fins det andre modellar som burde vert omtalt i same slengen? Kom med innspel :-)