Viser arkivet for stikkord langeland

Fotopresentasjon av Langeland

Stor takk til fotograf Langeland som brukte kvelden på å presentera seg som fotograf, for oss i Fotoklubben.

Vi var 11 som mødte opp denne reintunge haustkvelden, og fekk læra masse av Langeland.
Han fortalte villig om korleis han kom i gang med fotografering, korleis han jobbar og vi fekk sjå mange eksempel. Han fargekalibrerte prosjektoren og svara på alle spørsmål vi klarte å koma opp med.

Som takk for innsatsen fekk Langeland eit eksemplar av boka ‘Den andre harding’ som Jan Gravdal har gitt ut.

Igjen: Tusen takk!