Viser arkivet for stikkord jul

Juleavslutting på kinaen

Ti fotoglade folk møtte opp på kinarestauranten i Odda for å markera juleavsluttinga til Odda Fotoklubb. Folk åt, drakk og prata. Heider og ære blei gitt til mest-vinnande fotografar:

  1. Dag Endre
  2. Helge
  3. Håkon

Gratulera!

God jul folkens! Sjåast den 8. januar med fotokonkurranse der temaet er 1/15 sekund.

Biletserie med 5 bilete — bla med å trykkje på pilene

Debatt om julautstilling på Facebook

Faksemile frå Facebook-sida vår

Fotoklubben si facebook-side (open for alle, også deg som ikkje er på Facebook), foregår det ein diskusjon rundt ein planlagd julautstilling.

Delta i debatten der, eller diskuter vidare her :-)

God jul og godt nytt fotoår

Ønskjer alle medlemmer, støttespelerar og fotointeresserte ei riktig god jul og eit godt nyttår. Vi tar julaferie og satse på eit forykande fotoår i 2010. Utstillinga har vore kjekk og lærerik, eg vil takka alle som har bidratt til att vi fekk den på plass. Ein spesiell takk vil eg og gje til frivilligsentralen som alltid er ein god støttespelar, og til NVIM som har gitt oss hjelp og lokale til utstillinga. Vi er heldige som har slike gode støttespelerar.

Følg med på sida her for når vi starte opp igjen etter jul og for vårprogrammet. Vi har fleire kjekke ting på lur som kurs, månadens foto, temakveldar, fotoframsyning og eit nytt spannande utstillingsprosjekt på gang. Tenk gjerne på kva du helst vil gjera på i regi av fotoklubben våren 2010, og send inn forslag til klubben eller rett her i kommentarfeltet.