Viser arkivet for stikkord inspirasjon

Inspirasjon: Fargefoto frå 1910

Fotografen Sergei Mikhailovich Prokudin-Gorskii fotograferte fargefoto, lenge før fargar fantes. Dette var på dei tider då heile verda faktisk var i svart-kvit. Det fantes knapt gråtonar, den gong. Så dette var ekstra kult å sjå, faktisk:

Det er kanskje også verdt å tenka litt over kor lite flinke vi er til å ta vare på dagens fotos…

Inspirasjon: Livet er Harley!

Stavanger Aftenblad – Livet er Harley!

Stavanger Aftenbladet posta i går ein av dei beste nettartiklane eg har sett. Artikkelen fortel historia om ein motorsyklist frå Sandnes som krasja, sør for Odda for 11 år sidan. I tillegg til teksten i artikkelen finn du eit knakande godt lydspor og eit enno betre lysbiletespel.

Fabelaktig gode bilete og ei gripande historie.
Inspirerande!

Inspirasjon: Dokumentar om David LaChapelle

David LaChapelle – konfekt for øyet på NRK2

NRK2 har vist ein dokumentar om fotografen David LaChapelle. Heile TV-programmet ligg på NRK.no/video og folk som ikkje blir lett støtt bør sjå den. Den er full av inspirasjon og leik, sterke fargar og store mengder budskap.

Spennande utgangspunkt for fotografering!

Du får eit vist innblikk i korleis ein moderne pop-fotograf arbeider og du får sjø store mengder av arbeida han har utført.