Viser arkivet for stikkord innkjøp

Utskriftskurs i Bergen 17. januar 2013

EPSON Stylus PRO 3880

HP-skrivaren som står på Odda Fotoklubb er formeldt gitt opp, av underteikna. Eg nektar å bruka meir tid på denne skrivaren. Dei interne test-utskriftene (utan at bilde-fila, fargerom, programvare, skrivardrivar, datamaskin, kabling, etc. er involvert) feilar, og eg har brukt nokon timar på å rensa, testa, rensa meir og testa meir.

Så om fotoklubben skal tilby utskrift for sine medlemmer, må kanskje årsmøtet ta stilling til innkjøp av nytt utstyr.

Uansett….

Torsdag den 17. januar held Profil Data as eit ganske omfattande kurs i fotoutskrift. Kurset kostar kr. 1 900,- for vaksne og kr. 890,- for lærlingar og studentar. Programmet er veldig detaljert:

Kven har tid til å delta?

PS! Her er ein engelsk vurdering av Mirage.

Det fins tilbod der ein kan kjøpa A2-skrivaren til Epson med Mirage-programvaren til kr. 9 745,-

Skjermkalibrator for projektor

Etter tips frå Langeland vurderer fotoklubben å kjøpa ein skjermkalibrator av typen i1Display Pro. Dette er ein kalibrator utan lisensiert programvare. Du slepp å måtte bruka lisenskode ved installasjon, og programvaren kan lastast ned frå Internett når du treng den.

Hovudgrunnen til at vi vurderer å kjøpa inn denne er likevel først og fremst at den kan fargekalibrera prosjektoren.

  • Pantone X-Rite GretagMacbeth i1 Display PRO har ein pris på ca. 1 590,-

Spørsmålet blir kven som kan ta ansvar for å få teke den i bruk og evt. gitt opplæring når nokon treng hjelp?

Lyd til den nye nye projektoren

Kanskje det bør koma på plass ei permanent og god løysing for lyd i kjellarlokala til Frivilligsentralen. Når det no kjem på plass ein ny og god projektor, fastmontert med takfeste, hadde det vert kjekt med innspel til korleis rommet kunne forsynast med lyd.

Fastmonterte høgtalarar som skal kunne brukast frå lydutgangen på ein bærbar PC, er det som må til. Bærbare PCar har alltid minijack-utgang for stereo-lyd. Nokon bærbare har digital lydutgang for surround, mens andre kan få dette til ved bruk av eit USB-lydkort.

Her er forslag til løysing:

Enklast – to aktive høgtalarar
+ Frå PC, rett til lyd-inngangen på første høgtalarar (med innebygd forsterkar) og enkel lyd-kabel vidare til neste høgtalar
- Må føra fram straum til første høgtalar
- Volumjustering (utover det ein gjer på PCen) må skje oppe på sjølve høgtalaren?

Stereoforsterkar og høgtalarar
+ Utprøvd og velkjend løysing
+ Kan utvidast med ekstern sub i etterkant
- Må finna plass til forsterkaren…

Enklaste surroundløysing
+ Enkel 5.1-løysing, f.eks. frå Logitech
+ Veldig rimeleg
- For korte kablar?

Enkel surroundløysing
+ Receiver og høgtalarsett med sub, f.eks. frå Harman Kardon
- Dyr?

Avansert løysing
+ Plasser forsterkar og styringsutstyr ute av syne for brukaren
+ Balansert kabling til høgtalarane (pga. lange kabelstrekk)
- Veldig dyrt

Har du forslag, tankar, idéar og innspel?

Kva for projektor bør fotoklubben kjøpa?

Optoma HD200X

Eg syns vi bør starta haust-sesongen med ny takmontert prosjektor og nytt lerret (diskutert i tråden Hvilke type lerret skal vi ha?). Om vi får tilslag på søknad er enno uvist, men det er absolutt lov å planleggja.

Kva for ein projektor bør fotoklubben kjøpa inn?
Den skal primært brukast til å visa fargefoto i høg oppløysing, så det såkalla fargerommet til bildekastaren bør vera høgt.

Elles har vi ikkje ubegrensa med pengar, så vi må også sjå etter noko som ligg rimeleg i pris.
Her kom eg over ein som ser grei ut, til ein ganske så god pris:

Kan du som les dette leita litt i diskusjonsforum, testar, etc. og sjå om du finn andre aktuelle projektorar som vi bør vurdera?