Viser arkivet for stikkord historie

Inspirerande film om Vivian Maier

Nokon av oss har sett filmen før, men den er veldig inspirerande. Eg fekk ei påminning via eit tips i innboksen min (takk Lena!) og tenkte at eg måtte dela filmen ein gong til. Sist gong filmen blei posta her, var for eit år sidan.

Måtte nokon med erfaring frå digitalisering og arkivering bli inspirert til å ta ein runde om dette på ein av drøskveldane våre.

Eg fekk feil på Eizo-skjermen min

Feil på min litt over 1,5 år gamle Eizo FlexScan SX2761W

I mars i fjor kjøpte eg ein Eizo FlexScan SX2761W for nesten seks tusen kroner. Skjermen er veldig god på foto, heilt til den fekk feil.

Vertikale striper som er syneleg uavhengig av signal inn.
Skjermen visar upresise fargar og stripene forstyrrer veldig.

Eg tok kontakt med det næraste kontoret til produsenten, som visar seg å vera Eizo i Sverige. Dei ser på bilete eg sendte over og ringer meg for å forsikra seg om at det faktisk er noko gale med sjølve skjermen. Dei går med på at dette er ein fabrikasjonsfeil og sender meg ein ny (evt. reparert) skjerm.

Den nye skjermen blei levert med bud-bil i løpet av ca. fira dagar.
Saman med den nye skjermen ligg toll- og sendingspapir for retur av gamle-skjermen.

Den gamle skjermen set eg i same eska som nya-skjermen kom i, og ringer frakt-selskapet.

Snakk om service! :-)
Eg er såfall veldig godt nøgd med Eizo-skjermen og service-nivået deira!