Viser arkivet for stikkord fototur

Tysso Via Ferrata

Tre frå fotoklubben var med på fotoklatring opp røyrgata i Tyssedal. Vi deltok i ei gruppa med turoperatørar, og fekk god tid til å stoppa opp der vi ville.

Ein passe krevande tur, med spennande bruk av klatreutstyr, hjelm og greier :-)

Til våren er målet å få til ein ny Via Ferrata-tur, og at det då blir med langt meir folk.

Oppdatert: Felles fototur langs røyrgata i Tyssedal den 16. september 2012

Faksemile frå NRK Nett-TV

Det blir felles fototur langs røyrgata i Tyssedal den 16. september 2012 med oppmøte ved kyrkja kl. 10. Turen er den såkalla “TyssoViaFerrata i rallarens fotspor” som du kan lesa om på opplevodda.com

Fotoklubben sender rekning per e-post til dei som blir med.
Spesialpris for medlemmer: kr. 300,-
Dei som ikkje er medlem kan også bli med (ta gjerne med vener og kjende), og då er det også ein spesialpris: kr. 555,-
Vi har tilbod om å køyra løypestreng (zip-line) ned igjen, for kr. 100,- per deltakarar. Dette er det skumlaste, som visst nok berre dei tøffaste plar tørra.

Vi tar eit visst vér-atterhald. Om det blir storm, lyn og torden, eller store nedbørsmengder, så avlysar vi (og finn ein seinare dato). Men vi køyrer på, sjølv om det er litt yr i lufta!

Soldal frå OpplevOdda skal uansett gå turen med nokre britiske journalistar. Pga. usikkert vér har vi fått lov til å sjå det ann, utan å binda oss. Dei av oss som finn ut på sundag at véret er greit nok, kan stilla opp og bli med.

Binnande påmelding skjer via e-post:

Send namn og alder på dei som skal vera med til post@oddafoto.no

Sjå innslaget som NRK Hordalan laga i 2009:

Dei som ikkje ønskjer å klatra, kan køyra privatbil (evt. sitja på med andre i fotoklubben) til Toppelvsvingen og spasera den ca. 30 minutt lange stien, for så å fotografera klatrarane… :-)

Følg med, og still spørsmål om det er ting du lurar på!

Sesongoppstart for fotoklubben

Faksemile: Bilvandring

Tysdag den 21. august startar vi opp haustsesongen 2012 med ein fotovanding i Hovden.
Det blir oppmøte som vanlig kl. 18:00 på Frivilligsentralen.
Når alle har komt, køyrer vi opp på parkeringa der busstoppet på Eidesflaten (i Jordalsvegen) er, rett framfor Hovden. Mellom kl. 18:15 og 18:30 startar vi sjølve vandringa, der det er fleire flotte motiv:

  • Campingplassen
  • Kjempesteinen (“verdens største” stein)
  • Sandvinsvatnet med flytebrygge
  • Åstø, der Opo startar
  • Opp til hotellet med fin utsikt over Eidesflaten
  • Opp ved mobilmasta med utsikt over Sandvinsvatnet
  • Ned i koldehola
  • Fellesgrilling ved scena (nokon varme klede kan vera lurt!)

Tips: Det kan godt henda at dette tek langt meir enn dei vanlege to timane :-)

Fototur til Reinsnos

Fotoklubben kastar ikkje inn handkle, berre for litt regn og vind. Vi var fem oppmødte til felles fototur i Reinsnos, og fekk ei vindfull oppleving. Kjetil stod parat og venta då vi kom opp, og ved Reinsnosvatnet var det mild storm (om sånt fins).

Det var ikkje noko kaldt, men det regna ein del og blåste enno meir. Flaks at vi hadde så gode klede, då! :-)

Takk for fin tur, såfall :-)