Viser arkivet for stikkord flickr

Gamle farga foto frå Odda og Hardanger

Gamle fargefoto frå Odda og Hardanger

Flickr er kanskje verdas mest kjende nettside for foto.
Her om dagen dukka det opp ei serie med gamle fargefoto farga foto frå distriktet vårt.
Bileta er nok unike og som det står; utan kjende opphavsrettar.

Det er jo heilt fabelaktig, det!?
Då kan jo kven som helst bruka dei til kva som helst då, eller?

Eg posta link i Tumblr-bloggen min

Mine erfaringar med Pro-konto på Flickr

Flickr Pro

Då eg skulle hjelpa søstra mi å få registrert Pro-konto på Flickr, tok eg lika godt å spanderte på meg ein Pro-konto sjølv også. Eg har alt eit par Flickr-kontoar, men brukte no sjansen til å oppretta ein heilt ny og tom konto. Etter at kontoen var oppretta (med ekte namn og kontaktinfo), oppgraderte eg den til Pro:

Pris for to år: $47.99
Pris i NOK: kr. 335,-

Det blir litt under 50 øre per dag.
Eg får då ubegrensa lagring av JPG-utgåver av bileta mine (Flickr har ikkje støtte for RAW eller DNG-filer), samt at eg kan laga så mange foto-sett (album) eg vil.

Så no tenker eg å få ulike erfaringar med Pro-kontoen, som eg har lyst å posta i den her tråden.
Det er også veldig kjekt om kanskje du vil dela dine erfaringar eller spørsmål med/til Flickr Pro-konto.