Viser arkivet for stikkord dokumentar

Dokumentar om fotograf Sally Mann

Foto under CC via Wikimedia

I samband med at fotograf Sally Mann kjem til Oslo den 3. mai, er det passande å sjå dokumentaren om fotograf Sally Mann. Dokumentaren er delvis makaber, og visar mellom anna korleis ho jobbar med å fotografera døde kroppar. Den er i tre delar og varar i totalt 1 time og 20 minutt:

Informasjon om dokumentaren fins på nettstadar som rottentomatoes.com og imdb.com.

Kjelde: Ingerid Jordal, Facebook

Inspirasjon: Dokumentar om David LaChapelle

David LaChapelle – konfekt for øyet på NRK2

NRK2 har vist ein dokumentar om fotografen David LaChapelle. Heile TV-programmet ligg på NRK.no/video og folk som ikkje blir lett støtt bør sjå den. Den er full av inspirasjon og leik, sterke fargar og store mengder budskap.

Spennande utgangspunkt for fotografering!

Du får eit vist innblikk i korleis ein moderne pop-fotograf arbeider og du får sjø store mengder av arbeida han har utført.