Viser arkivet for stikkord canon

Ny versjon av Canon 24-70 f/2.8

Illustrasjonsbilete: Canon

Då er Canon sitt nye 24-70 f/2.8 II-objektiv blitt testa, og alt tydar på at dette er eit sylskarpt normalobjektiv for fullformat. Vi som har mindre sensor får (som alltid) nyta godt av den beste delen (midten) av glasset, men må tilgjengjeld godta ei opplevd brennvidde på 38-110 mm.

Eit veldig spennande og atraktivt objektiv som er prisa litt høgt, i og med at det ikkje er tilgjengeleg i nokon butikkar enno.

Lenke:

For oss som er litt ekstra intressert, har Lensrentals ein fin artikkel om innsida på det nye objektivet:

Valg av linse

jeg lurer gå til anskaffelse av Canon EOS 7D og klarer ikke å bestemme meg for hva linse jeg skal velge mellom 18-135 eller 18-200 og lurer på om det er noen som fortelle meg om eventuelt sine erfaringer eller råd osv.

Blits til Canon-kamera

Som svar på eit spørsmål som kom på Facebook:

Noen som kan anbefale meg blits til canon? ;-)

Den blitsen som kanskje gjev mest valutta for pengane, heiter Canon Speedlite 580 EX II og kan mellom anna kjøpast hos Eurofoto til kr. 3 485,-

580 EX II har eit ledetal på 58 ved ISO 100 og dekker brennvidder frå (14 mm) 24 mm til 105 mm. Den har best vér-tetting og kan både vera slave og master.

Ein annan blits som gjev mykje for pengane, er Canon Speedlite 430 EX II, som kan kjøpast frå kr. 1 949,- hos f.eks. NetOnNet

Les meir…

Lyssterkt Canon-objektiv til speglrefleks

Eg får ofte spørsmål frå folk som eig Canon-kamera, og som vil oppgradera med eit meir lyssterkt objektiv. Objektivet som følger med kameraet krev ofte bruk av blits for å kunne ta akseptable bilete inne. Så kva skal ein kjøpa?

Eg ville gått for eit objektiv som var absolutt mest lyssterkt, og heller valgt vekk funksjonar som biletestabilisator, zoom, etc.

Det mest prisgunstige alternativet er:

Eit hakk opp, og med metallinnfatning og større blendaropning:

Om 50 mm blir for trangt for deg (du må stadig lenger unna, for å få med det du vil fotografera), kan eit av 35 mm-objektiva vera eit alternativ. Her er eit som ikkje er fullt så lyssterkt, men likevel akseptabelt:

Og om pengar ikkje er viktigst, så kan du prøva deg på ein:

Er det nokon her som har erfaringar med nokon av desse objektiva? Fins det andre modellar som burde vert omtalt i same slengen? Kom med innspel :-)