Viser arkivet for stikkord arkiv

Inspirerande film om Vivian Maier

Nokon av oss har sett filmen før, men den er veldig inspirerande. Eg fekk ei påminning via eit tips i innboksen min (takk Lena!) og tenkte at eg måtte dela filmen ein gong til. Sist gong filmen blei posta her, var for eit år sidan.

Måtte nokon med erfaring frå digitalisering og arkivering bli inspirert til å ta ein runde om dette på ein av drøskveldane våre.

Google LIFE photo archive

LIFE-bilete hos Google

Life Magazine er eit amerikansk blad med lang fartstid. Google har digitalisert bileta frå over 100 år tilbake i tid og gjort dei gratis tilgjengeleg på nett. Ei fantastisk samling historie som kanskje kan inspirera deg til å ta betre bilete?

Tips: Finn fine favorittar og lag lenke til dei i kommentarar til det her innlegget!