Viser arkivet for stikkord kurs

Utskriftskurs i Bergen 17. januar 2013

EPSON Stylus PRO 3880

HP-skrivaren som står på Odda Fotoklubb er formeldt gitt opp, av underteikna. Eg nektar å bruka meir tid på denne skrivaren. Dei interne test-utskriftene (utan at bilde-fila, fargerom, programvare, skrivardrivar, datamaskin, kabling, etc. er involvert) feilar, og eg har brukt nokon timar på å rensa, testa, rensa meir og testa meir.

Så om fotoklubben skal tilby utskrift for sine medlemmer, må kanskje årsmøtet ta stilling til innkjøp av nytt utstyr.

Uansett….

Torsdag den 17. januar held Profil Data as eit ganske omfattande kurs i fotoutskrift. Kurset kostar kr. 1 900,- for vaksne og kr. 890,- for lærlingar og studentar. Programmet er veldig detaljert:

Kven har tid til å delta?

PS! Her er ein engelsk vurdering av Mirage.

Det fins tilbod der ein kan kjøpa A2-skrivaren til Epson med Mirage-programvaren til kr. 9 745,-

Blitsbruk i fotostudioet.

I dag hadde fotoklubben besøk av Svein Egil Økland som holdt ett foredrag om bruk av blits. Foredraget var mest rettet mot bruken av blits med tanke på å ta portrettfoto i studio.
Men han snakket også generelt om bruk av blits generelt samt nyttig informasjon om forskjellige typer utstyr, samt generelt om bruken av dette.

Det var en lærerik kveld, og det er bare å rette en takk til Svein som ville holde foredraget.

Biletserie med 2 bilete — bla med å trykkje på pilene

Kurs i Adobe Photoshop (1/3)

I dag blir det eit grunnleggjande kurs i Adobe Photoshop på Odda Fotoklubb. Kurset startar kl. 18:00 og varar i to timar. Frammødte medlemmer blir sett på liste, og vil kunna få tilgang til å kjøpa lisens på programmet til sterkt redusert pris gjennom vårt medlemskap i NSFF

På denne første opplæringsbolken i Adobe Photoshop skal vi læra grunnleggjande ting.
Folk må gjerne ta med seg datamaskin (type; bærbar) og dei må gjerne ha Photoshop installert før kurset.
Ein skal også kunne få nytte av kurset om ein ikkje har Photosohp på medbrakt datamaskin.

  • Installasjon
  • Opne, lagre, filformater, etc.
  • Selection tool
  • Layers
  • Levels, Hue, etc.
  • Ajustment layers
  • Tools (Brush, clone, healing tool, etc.)

10 tips (eng.) for makrofoto

Takk til Jørgen som kom med den her sida:

Vi blir servert ti gode tips (på engelsk) for makrofotografering.

Nettbasert videokurs i foto

Dette var veldig kjekt!
Eg trur mangen kan ha nytte av å delta på dette kurset.

…eller? Litt monotom stemme, kanskje?

Introduksjon til Adobe Lightroom

Adobe Photoshop Lightroom

Stor takk til møtereferat som Vivian posta, kort tid etter etter at kveldens møte var over. Du må logga inn på Origo og vera medlem i den her fotoklubb-sona, for å lesa innlegget hennas.

Vidare vil eg takka for oppvakte og intresserte deltakarar. Sjølv om kvelden gjekk fort og Lightroom er eit ganske stort tema, trur eg nokon av dei oppmødte fekk utbytte.

Vi lærte om kvar programmet kan kjøpast, kvar ein 30-dagars prøve kan lastast ned, samt kvar ein kan bli med i betatestinga av neste versjon og få fri bruk av programmet ut april 2010.

Vidare lærte vi korleis ein får oppretta ein Adobe-konto# og snakka om at kjøpt programvare kan lastast ned på ny, så lenge ein sjølv har teke vare på serienummeret eller installasjons-nøkkelen.

Vi gjekk igjennom installasjon av programmet på ein Windows-PC. Vi fulgte oppstarts-vegvisaren og snakka om panelet oppe til høgre, der ein velger kva modul ein skal jobba i. Vidare viste vi dei to hovudfelta på høgre og venstre side, samt filmstripa i botn.

Vi snakka om F-tasten som vikslar mellom fullskjerm, tab-tasten som skrur side panela av og på, shift+tab som skrur alle panel av og på, samt L-tasten som dimmar ned lyset.

Vi såg på import av bilete frå kamera, minnepenn/CD og separat mappe, der eg snakka om at ein burde laga seg ei mappe for fotoalbumet sitt i bilde-mappa. Under der viste eg korleis eg lot Lightroom organisera importerte bilete i mapper etter dato:

Då får ein kontroll over store mengder bilete som må oppbevarast over fleire harddiskar og gjer det mogeleg å ta reservekopi av alle bileta for eit år av gongen.

Vi såg på korleis endirngar i bileta ikkje blir lagra over original-fila, og at ein må eksportera resultatet av justeringane sine til nye bilete via Export-knappen. På den måten kan ein ha fleire virtuelle kopiar av same bilete med bøttevis av justeringar som ein seinare kan ta igjen og justera vidare på.

Eg var innom reservekopiering av bileta. Etter at bileta er kopiert frå kameraet til datamaskina, lar eg bileta liggja på kameraet. Først når eg har teke meg bryet med å kopiera ut alle filene (bileta) til minst ein ekstern harddisk, tør eg å sletta originalane frå minnebrikka i kameraet. Det er også luft å oppbevara ein eigen kopi av bileta sine på ein stad utforbi sin eigen heim (bankboks, nettbasert reservekopi, etc.)

Vi snakka også om at Lightroom sitt spørsmål om å ta backup av katalogen (som av og til kjem ved oppstart (eller om du har beta-versjonen – ved avslutting) tar ein lokal reservekopi av databasen. Denne databasen er ein slags tekstfil som samlar alle justeringar du har gjort med alle bileta dine. Hugs at reservekopiane vert liggjande i undermapper under Lightroom-mappa (i bilde-mappa di), og at dei ikkje er tryggja mot harddisk-havari.

Du må sjølv ta reservekopi av Lightoom-katalogen til ekstern harddisk eller liknande!

Heilt på tampen var vi så vidt innom Keywording.

Vi var ikkje innom at du får god opplæring ved å sjå hjelpevideoar på Internett.
Via Hjelp-menyen i programmet, kjem du til den engelske hjelpe- og brukarstøttesida:

Adobe har også ein nettbasert TV-teneste, der du finn fleire opplæringsvideoar:

Ut over dette fins det ubeskriveleg god opplæring hos Lynda.com
Her er eit eksempel på kor bra det kan bli:

Har du synspunkt eller tilbakemelding på dette to (eller to og ein halv) timar lange introduksjons-kurset?
Kommenter i veg :-)