Viser arkivet for stikkord kjøpehjelp

Kjøp av speglrefleks til under 3 000,-

Nokon spør meg kva for speglreflekskamera dei bør kjøpa når dei har eit budsjett på 3 000,-
Prisen er nok i absolutt nedre grense, men det fins nokon alternativ. Hugs at du må kjøpa eit såkalla KIT, der objektivet følger med kamerahuset i ein og same pakke. Normalt følger det ikkje med minnebrikke, men det fins gode minnebrikker ned mot 100,- som er fint brukande.

Her er nokon alternativ som eg trur kan vera aktuelle:

Det fins også brukte kamera å få kjøpt. Foto.no har fleire aktuelle annonsar. Her er eit eksempel:

Er det nokon i fotoklubben som har brukt-utstyr i denne prisklassen for sal?

Vidare vil eg oppfordra andre om å koma med sine synspunkt og forslag. Ville til dømes du ha kjøpt nokon av desse kameraa, eller ville du gjort noko heilt anna?