Viser arkivet for stikkord fellestur

Nordic Light 2013

Nordic Light

Årets Nordic Light-fotofestival har start-dato på tysdagen den 23. april 2013. Festivalen varar fram til laurdag den 27. april, og vi i fotoklubben kan kanskje vurdera å dra opp den helga?

Frå Odda er det 10 timar å køyra bil til Kristiansund, i følgje Google Maps.
Det går Widerøe-fly frå Bergen, og SAS flyr frå Haugesund. Prisane ser ut til å vera mellom 1 500,- og 2 000,- per person, tur-retur.
Og vi må ha overnatting.

Er det nokon som er intressert i å dra til Noric Light i år? :-)

Oppdatert: Felles fototur langs røyrgata i Tyssedal den 16. september 2012

Faksemile frå NRK Nett-TV

Det blir felles fototur langs røyrgata i Tyssedal den 16. september 2012 med oppmøte ved kyrkja kl. 10. Turen er den såkalla “TyssoViaFerrata i rallarens fotspor” som du kan lesa om på opplevodda.com

Fotoklubben sender rekning per e-post til dei som blir med.
Spesialpris for medlemmer: kr. 300,-
Dei som ikkje er medlem kan også bli med (ta gjerne med vener og kjende), og då er det også ein spesialpris: kr. 555,-
Vi har tilbod om å køyra løypestreng (zip-line) ned igjen, for kr. 100,- per deltakarar. Dette er det skumlaste, som visst nok berre dei tøffaste plar tørra.

Vi tar eit visst vér-atterhald. Om det blir storm, lyn og torden, eller store nedbørsmengder, så avlysar vi (og finn ein seinare dato). Men vi køyrer på, sjølv om det er litt yr i lufta!

Soldal frå OpplevOdda skal uansett gå turen med nokre britiske journalistar. Pga. usikkert vér har vi fått lov til å sjå det ann, utan å binda oss. Dei av oss som finn ut på sundag at véret er greit nok, kan stilla opp og bli med.

Binnande påmelding skjer via e-post:

Send namn og alder på dei som skal vera med til post@oddafoto.no

Sjå innslaget som NRK Hordalan laga i 2009:

Dei som ikkje ønskjer å klatra, kan køyra privatbil (evt. sitja på med andre i fotoklubben) til Toppelvsvingen og spasera den ca. 30 minutt lange stien, for så å fotografera klatrarane… :-)

Følg med, og still spørsmål om det er ting du lurar på!