Viser arkivet for stikkord etterlysing

Etterlys foto av Erlend Nødtvedt på Litteratursymposiet

Faksemile frå Google bildesøk

Er det nokon i fotoklubben som har fotografert Erlend O. Nødtvedt (f. 1984), som deltok på Working Class Hero på Litteratursymposiet i år?

Det er ein Journalist som vil kjøpa (om eg forstod rett) bilete til bruk i ein artikkel og det hastar, i og med at artikkelen skal på trykk allereie på fredag.

Anyone?

Krysspost frå Facebook

Dokumentarfilmskapar etterlyser bilete

Då dokumentarfilmskapar Jarle Leirpoll vitja Odda den 27. august, var avtalen at nokon av oss i fotoklubben skulle senda inn bilete som han kunne bruka i filmen sin.

No kom det heldigvis ei påminning frå Jarle, der han etterlyser bileta. Han skriv at han prioriter å først få ferdig filmen frå Odda, fordi det var så mange bra motiv her. Eg har sendt over 15 av bileta eg tok på den aktuelle dagen, og lurer på om ikkje fleire vil donera nokon av bileta sine til dokumentaren (mot kreditering, så klart).

Online.no-adressa til Jarle startar med leirpoll, etterfulgt av ein alfakrøll.
Send gjerne bileta dine direkte til han, eller gje ein lyd, så skal nok ein eller annan få hjelp til.