Viser arkivet for stikkord eplabløming

Fotosafari i eplahagen på Tokheim

Faksemile frå Hardanger Folkeblad

Eg såg HF sitt album med blømingsbilete og kom på at folk i fotoklubben hadde visa interesse for fellestur for fotografering av bløming.

Så då ringte eg eplabonden på Tokheim og avklara eit opplegg som fotoklubben kunne gjer i hagen hans.

Tanken er å starta på Egne Hjem kl. 11, laurdag 7. mai.
Vi går i relativt samla flokk opp trappene til Reinena og vidare opp i eplahagen.
På toppen avsluttar vi med fotoutstillinga med Knud Knudsens-bilete.

Arrangementet har atterhald om vér.
Klikk “Delta” om du tenker å bli med, så hugsar eg på å informera deg i tilfelle endring.