Odda Fotoklubb i 17. mai-toget

For første gong (?) skal Odda Fotoklubb gå i 17. mai-tog.
Vi har eit banner som vi kan prøva å festa på pålar, eller berre bæra med oss, på eit vis.
Sjølv har eg tinga meg langarma t-skjorte med logo på ryggen:

Om skjorta kjem til 17. mai, veit eg ikkje ;-)

Har du forslag eller idéar til korleis fotoklubben kan vinna pris for beste innslag i toget?

PX og dimensjon ved lerret

Eg fekk dette spørsmålet, og tenkte at andre kunne vera med å diskutera:

Er px det samme som dimensjoner??? Har ett bilde jeg vil ha på lerret men vil jo ha best mulig kvalitet når det blir oppblåst og i den størrelsen jeg helst vil ha så står det at de anbefaler at bildet er 6000×9000 px, men det eneste jeg ser på bildet mitt er at det står dimensjoner: 3085×2768

Eg tenker at ordet dimensjonar rommar fleire ting enn px.
Eit bilete sine dimensjonar kan vera i cm, tommer, lengde i forhold til breidde, etc.
PX er kort for pixel og er bildepunkt. Prikkar, på ein måte.

Er det andre som kan hjelpa med meiningar her?

Fotosafari i eplahagen på Tokheim

Faksemile frå Hardanger Folkeblad

Eg såg HF sitt album med blømingsbilete og kom på at folk i fotoklubben hadde visa interesse for fellestur for fotografering av bløming.

Så då ringte eg eplabonden på Tokheim og avklara eit opplegg som fotoklubben kunne gjer i hagen hans.

Tanken er å starta på Egne Hjem kl. 11, laurdag 7. mai.
Vi går i relativt samla flokk opp trappene til Reinena og vidare opp i eplahagen.
På toppen avsluttar vi med fotoutstillinga med Knud Knudsens-bilete.

Arrangementet har atterhald om vér.
Klikk “Delta” om du tenker å bli med, så hugsar eg på å informera deg i tilfelle endring.

Fotodrøs - Tirsdag 19. april, kl. 18:00 - 20:00

Fotodrøs – Tirsdag 19. april, kl. 18:00 – 20:00

Har ikkje program for dagen, så det blir ein vanlig drøskveld der den som vil kan komma innom. Kanskje for å printa ut et bilde? Eller bare ta seg ein kopp kaffi og prate foto.
Vi har jo et fotostudio som har lyst å bli brukt og.

Nikon med "Dagen i dag"-side

Nikon har ei veldig lekker side som visar “Dagen i dag” gjennom historia.
Veldig fin utforming på sida.

Nesten så eg vil ha ein PC ståande på med dette som skjermsparar heile dagen…

NSFFs Landskonkurranse

Alle i Odda Fotoklubb som er medlem i NSFF (dei fleste er det) kan delta i Landskonkurransen som har innleveringsfrist 15. april. Alle kan delta med 4 foto i tema: “fritt motiv” og i tillegg 4 foto i tema: arkitektur". Ungdomsmedlemmer (25 år og yngre) kan delta i Ungdomslandkonkurransen med 4 foto i tema: “fritt motiv”. Når bileta skal lastast opp skal dei vera på max 3 MB og lengste side på 2400 piksler. Om du ikkje veit korleis dette blir gjort så blir bileta automatisk nedskalert under opplasting.

I dag blir det mulighet for hjelp til opplasting av foto til landskonkurransen. Visst du ikkje har mulighet i dag eller du trenger ekstra hjelp så ta kontakt med underteikna, som er registeransvarlig i Odda Fotoklubb

Bilder til blues plakat

Fotoklubben har av Blueslaget lokst utøve blitt utfordra til å komme med bilder som kan brukes til årets “blues plakat”

Temaet er – Odda smelteverk – Bildet må være i høydeformat.
Vi setter av klubbkvelden 26. april til å plukke ut aktuelle forslag, som vi sender samla videre til blueslaget.
Ta med bilder, eller send inn til klubben innen 26 april.

Månadens foto - april 2011

Tore Johan Lysfjord vant månadens foto i Odda Fotoklubb med dette fotografiet.

Temaet denne gang var fritt, og i alt 17 foto var innsendt til konkurransen. Månadens foto blir avholdt i Odda Fotoklubb kvar månad og alle betalande medlemmer i Odda Fotoklubb kan delta. Tore Johan deltok for første gang, og stakk av med seieren med dette flotte fotografiet.

Foto tilbehør

Hei alle der ute

Jeg kommer til sommeren og anskaffe meg et nytt digital speilrefleks kamera og lurte på om dere der ute ville gi meg noe tips til utstyr jeg burde skaffe meg til dette kameraet som er mest vanlig å bruke og er must på tur.

Jeg kommer til å bruke mye fremover og tar i mot alt av tips og erfaringer som for eks bruk av foto linser, vesker/bag, blitz, stativ,minnekort og annet tilbehør dere måtte ønske å dele med meg og andre her inne som kansje er på vei til å kjøpe nytt.

hva skjer i Odda fotoklubb

Den 29.03.2011?

Fotografering på offentleg stad

Faksemile frå TV2.no

Ein ganske så relevant og veldig spennande sak, dette. Skal det vera lov å fotografera på offentleg stad? Akam har i dag ein artikkel om fotografen som havna på glattcelle for å ikkje ville fotografera nokre born.

Vi har reglar om personvern som gjev born vern ved offentleggjering av bilete.
Men denne saka handlar då på ingen måte om offentleggjering av bilete?

Vi har også TV2 sin artikkel om advokaten som blei arrestert og fekk 6000 kroner i bot for å fotografera politiet i Oslo. TV2 har også ein film om hendinga.

Les begge artiklane her, og diskuter temaet heftig her i kommentarfeltet.

Nordlysfilmen fra Odda på Storm.no!

“Vi får fortsatt masse flotte nordlysbilder fra hele landet, og vi har fått en sjelden video.”
Står det på storm.no sine websider.

Nordlyset som meg og Dag Endre fikk tatt bilder av ligger no på storm.no.
Nyheten står tilogmed på framsida, kjempekjekt!

Her er lenke til storm.no sin artikkel om nordlyset over Odda.

Du kan og se filmen her:

Aurora borealis timelapse HD – Odda from Dag Endre Opedal on Vimeo.

Spennende nytt innen foto og gps.

Se på Ny Casio med gps som fanger øyebliket,tid og sted med hybrid gps.
Innbygd verdenskart og informasjon om 10.000 serverdigheter og fototips.
Kjekt å ha på reiser.

http//www.exilim.no

Eye-Fi

Noen her som kan dele erfaringer med Eye-Fi minne kort og bruk til fotografering ?

Årsmøte 22.februar 2011

Odda Fotoklubb har i dag avholdt årsmøte.
21 personar møtte.
Årsberetning, rekneskap og budsjett er gjennomgått. Og nytt, fulltallig styre er i boks for året.

Etter årsmøte vart vart filmen “Oddaprosessen” vist, der Odda Fotoklubb var medverkande, og 3 av klubbens medlemmer har stillbilder med.
Harald H. viste bilete frå sitt arbeid som fotograf hos Nvim, med fotodokumentasjon av kraftverka i Tyssedal og Dale.

Oddaprosessen med Odda Fotoklubb

Då er videoen som Jarle Leirpoll har laga om Oddaprosessen ute på nett, Odda Fotoklubb er medvirkande i filmen og 3 av våre medlemmer fekk sitt foto med i filmen.

Ta Panorama av fjellet i Odda.

Bli med til fjells då folkens fantastiske foto muligheter.
Hva om vi hadde laget en foto presentasjon av fjell områdene i Odda kommune.

Der vi kunne fåt utvikla fotgraferinga av natur bilder.
Fint i fjelle no når lyset er tindrande klart.

Søker brukt gate- eller visingsbukk

På vegne av frivilligsentralen og fotoklubben, søker eg ein gatebukk (faktisk). Helst ein brukt gatebukk, og veldig gjerna ein gratisbukk.

finn.no fann eg Cardinal Reklame i Sauda sin enkle gatebukk til kr. 590,-
Vidare fann eg ein visningsbukk for A3 til kr. 350,- (i Fredrikstad)
Alfa Display har ein visningsbukk for A2 til kr. 705,-

Om det er plast på, så kan vi snika plakatar inn bak plasten.
Gatebukkar utan plast, må ha metallbakside så vi kan festa plakat med magnet.

Anyone?

Kven av oss blir første kunde i ny butikk?

Då har FotoVideo opna europas største fotobutikk, og den skal vist liggja i Møllergata 10 i Oslo.
Så no får vi sjå kven av oss i fotoklubben som blir den første til å få oppleva dei nye og digre butikklokala. Eg tenker å rekka innom der på laurdag den 19. februar.

Her er ein artikkel om opninga:

Er det nokon som slår det, tru?

:-)

Slutt på kvittlys i blitsbilder

Inspirasjonsfilm: Dark side of the lens

Få inspirasjon (og evt. bli med i dykkarklubben ;-):

DARK SIDE OF THE LENS from Astray Films on Vimeo.

Ord og utrykk innen foto..

Fant en side på nett med forklaringer på ord og utrykk innen foto.Kan sikkert være kjekt å lese litt, både for nye og gamle medlemmer… :) Legg den til favoritter slik at det er lett å åpne siden når du sitter og jobber med foto, eller andre fototekniske ting… :))
ord og utrykk

Fotokurs på Rullestad

Vi får stadige tilbakemeldingar og innspel via Kontakt oss-skjemaet. For ei tid tilbake fekk vi denne meldinga:

Hei: 11-12 februar arrangerer Rullestad Aktiv Fritid fotokurs på Rullestad, Kurshaldar er Espen Mills. Espen har etablert seg som ein framifrå fotograf dei seinare åra og er ein etterspurd instruktør. Informasjon finn de på www.rullestad.org

Eg oversåg kanskje informasjonen om dette på heimesida, så eg veit ikkje pris, etc.
Er det andre som har klart å finna ut av det?

Google seier at det er 30 km frå Odda til Rullestad, så det burde vera overkommeleg å køyra dit for å delta.

Oppdatering: Det var under Nyheter det fants fleire detaljar:

  • Fredag 11. februar kl. 18- 20.30
  • Laurdag 12. februar kl.11- 17.30 inkl pause med steinovnsbakt pizza m/tilbehør
  • Pris for kurset er kr. 1900,-

Er det nokon i fotoklubben som kunne tenka seg å delta på dette?