Oppstartsmøte for alle som vil

Eg må berre få beklaga at fotoklubben går i gang med vår-sesongen 2012 utan program. Det er mykje som tydar på at klubben treng ei betre leiing, noko val-kommitéen må få bryna seg på til årsmøtet i februar.

Uansett vil fotoklubben samla foto-intresserte i kveld også.
Vi har fotoklubb frå kl. 18 til 20, med mål om å få på plass eit program.

Juleavslutning 13.desember 2011

8 stk møtte til koselig juleavslutning i dag.
Kaffi, gløgg og julekaker smakte fortreffelig.
Fotoprat og visning av “timelapsesnuttar” vart det og:)
Neste tysdag er det åpent for “isistelitengåver”, fotoutskrifter etc.

Vil nokon selga bileta sine på julamarknaden?

Er det nokon i fotoklubben som vil selga bilete på julamarknaden i Lindehuset? Vi er såfall oppfordra til å stilla med eit bord på fellesen og selga bileta sine.

Er det nokon som kan tenke seg dette på kort varsel?

Blits til Canon-kamera

Som svar på eit spørsmål som kom på Facebook:

Noen som kan anbefale meg blits til canon? ;-)

Den blitsen som kanskje gjev mest valutta for pengane, heiter Canon Speedlite 580 EX II og kan mellom anna kjøpast hos Eurofoto til kr. 3 485,-

580 EX II har eit ledetal på 58 ved ISO 100 og dekker brennvidder frå (14 mm) 24 mm til 105 mm. Den har best vér-tetting og kan både vera slave og master.

Ein annan blits som gjev mykje for pengane, er Canon Speedlite 430 EX II, som kan kjøpast frå kr. 1 949,- hos f.eks. NetOnNet

Les meir…

Ny firmware til Canon EOS 5D Mark II

Til dei tre (?) i fotoklubben som disponerer Canon sitt rimelegaste fullformat-kamera:

Det er mellom anna akam.no som skriv dette i ein artikkel i dag.

Månadens foto november 2011, lys og skygge

Kvar månad har vi fotokonkurranse med forskjellige tema. I november var temaet lys og skygge og vi fekk eit rekordstort antall påmeldte foto, 21 stk.

Tip of the tongue

Vinnarfotoet av Trolltunga var levert av Dag Endre Opedal og konkurranseansvarleg gratulerar seg sjølv med seieren ;)
Neste gang er temaet linjer og det blir årets siste “månadens foto”, og det er 4 personar som kan stikka av med den uoffisielle kåringa av “årets fotograf” i fotoklubben.

Eg fekk feil på Eizo-skjermen min

Feil på min litt over 1,5 år gamle Eizo FlexScan SX2761W

I mars i fjor kjøpte eg ein Eizo FlexScan SX2761W for nesten seks tusen kroner. Skjermen er veldig god på foto, heilt til den fekk feil.

Vertikale striper som er syneleg uavhengig av signal inn.
Skjermen visar upresise fargar og stripene forstyrrer veldig.

Eg tok kontakt med det næraste kontoret til produsenten, som visar seg å vera Eizo i Sverige. Dei ser på bilete eg sendte over og ringer meg for å forsikra seg om at det faktisk er noko gale med sjølve skjermen. Dei går med på at dette er ein fabrikasjonsfeil og sender meg ein ny (evt. reparert) skjerm.

Den nye skjermen blei levert med bud-bil i løpet av ca. fira dagar.
Saman med den nye skjermen ligg toll- og sendingspapir for retur av gamle-skjermen.

Den gamle skjermen set eg i same eska som nya-skjermen kom i, og ringer frakt-selskapet.

Snakk om service! :-)
Eg er såfall veldig godt nøgd med Eizo-skjermen og service-nivået deira!

Skjermkalibrator for projektor

Etter tips frå Langeland vurderer fotoklubben å kjøpa ein skjermkalibrator av typen i1Display Pro. Dette er ein kalibrator utan lisensiert programvare. Du slepp å måtte bruka lisenskode ved installasjon, og programvaren kan lastast ned frå Internett når du treng den.

Hovudgrunnen til at vi vurderer å kjøpa inn denne er likevel først og fremst at den kan fargekalibrera prosjektoren.

  • Pantone X-Rite GretagMacbeth i1 Display PRO har ein pris på ca. 1 590,-

Spørsmålet blir kven som kan ta ansvar for å få teke den i bruk og evt. gitt opplæring når nokon treng hjelp?

Fotopresentasjon av Langeland

Stor takk til fotograf Langeland som brukte kvelden på å presentera seg som fotograf, for oss i Fotoklubben.

Vi var 11 som mødte opp denne reintunge haustkvelden, og fekk læra masse av Langeland.
Han fortalte villig om korleis han kom i gang med fotografering, korleis han jobbar og vi fekk sjå mange eksempel. Han fargekalibrerte prosjektoren og svara på alle spørsmål vi klarte å koma opp med.

Som takk for innsatsen fekk Langeland eit eksemplar av boka ‘Den andre harding’ som Jan Gravdal har gitt ut.

Igjen: Tusen takk!

Fotoklubb-visittkort

Stor takk til Jørgen som har laga ein ny forsyning med fotoklubb-visittkort til oss.

Desse kan vi bruka mot potensielle medlemmer, samt til folk som skal gje oss grasrotandelen ved tippinga.

Dette er supersnilt gjort, Jørgen!

Ur og Foto utsett messa i Bergen

Tidlegare har Ur og Foto meldt at haustens fotomesse i Bergen skjer den 14. og 15. oktober 2011. Dette er no utsett til våren, grunna mangel på messetilbod frå produsentar (dei seir at dette først og fremst er ei salsmesse).

Så då får dei (eller den) av fotoklubbens medlemmer som hadde booka hotell og holdt av helga, vurdera å avbestilla.

10 tips (eng.) for makrofoto

Takk til Jørgen som kom med den her sida:

Vi blir servert ti gode tips (på engelsk) for makrofotografering.

Nettbasert videokurs i foto

Dette var veldig kjekt!
Eg trur mangen kan ha nytte av å delta på dette kurset.

…eller? Litt monotom stemme, kanskje?

Støtte for Camera RAW rett i Windows

Dette er ikkje nytt, men mangen av oss som brukar Windows kan enkelt få støtte for fotoapparatet sine bilete i RAW-format utan å bruka Photoshop eller andre dyre program.

Vi må berre leggja inn ei oppdatering frå Microsoft:

Kjekt å ha… ting blir enklare :-)

Endre fokus i etterkant

Fototeknikk er i utvikling og mykje av arbeidet med bilete skjer etter at motivet er knipsa. Frå før har vi det vanlege som beskjæring, eksponering, kvitbalanse, etc. Vi har også nye teknikkar som manipulasjon, der vi til dømes kan ta vekk uønska objekt i motivet. Det neste er at vi skal kunna endra fokus etter at bilete er teke.

Det skjer ved at kameraet lagrar fleire fokuspunkt og eksponerer alt skarpt. Då vil kameraet kunne maskera ut og gjer uskarpt dei elementa som er lenger bak eller framme i bilete.

Sånn som eg oppfattar dette, blir dette akkurat lika kjekt som ansiktsgjenkjenning (som gjerne gjer at kameraet ditt tenker, og venter, litt lenger).
Vi har meir å leika med, og vi får hjelp av elektronikken i kameraet, sånn at vi slepp å gjer mange val og vurderingar i forkant av at bilete blir teke. Du kan justera og endra meir, etter at bilete er teke.

Ulempa vil nok bli at du får enno litt mindre råderett over eksponering/lukkartid.

Når eg fotograferer der det ikkje er ubegrensa med tilgjengeleg lys, plar eg jobba med å få eksponert bilete med minst mogeleg støy. Eg ønskjer å ha så lav ISO-innstilling som mogeleg. For å oppnå dette, jobbar eg med lengst mogeleg eksponeringstid. For å oppnå dette igjen, brukar eg objektiv som har størst mogeleg blendaropning. Kombinasjonen av desse tre tinga lar meg oppnå bilete som eg oppfattar som “best mogeleg resultat”, gitt den lysmengda som var tilgjengeleg.

Skal ein klara å eksponera eit bilete der alle objekta er skarpe, må ein ha liten blendaropning. Då slepp ein inn mindre lys (om gangen) og kameraet må ha ei meir følsom sensor. Dette gjev meir støy.

Så for fotografar som presser kameraet sine eigenskapar til det ytterste, vil neppe den nye teknologien koma til sin rett.

Men for fotografar som ikkje bryr seg om blitsen gjekk av, og som primært fotograferer ute der det fins mykje lys, vil heilt klart den nye teknologien vera både nyttig og veldig kjekk.

Det er ingen konservative fotografar som lider av (eller sliter med) at kameraet har funksjon for ansiktsdeteksjon. På same måte vil nok neppe konservative fotografar slita med (eller lida under) at morgondagens kamera får mogelegheita til å eksponera bilete, der du kan endra fokus i ettertid (digitalt).

Så lenge vi kan skru funksjonane av, og justera eksponeringane våre manuellt der dette trengs!

Vil ha tips om spelefilmar som handlar om fotografering

Frå filmen “Maria Larssons evige øyeblikk”

Er det nokon som har sett filmar der fotografen og fotografiet har ein sentral plass?

NRK viste nyleg filmen Maria Larssons evige øyeblikk som så absolutt handlar om fotografering. Eg fekk lyst å sjå meir film om foto og leita fram den her lista på IMDb:

Har du eit sjefsforslag til neste filmkveld? :-)

Sesongstart på tysdag den 23. august

Tysdag den 23. august startar fotoklubben i Odda opp att etter sommarferien. Vi har planlagd klubbmøter, kurs, konkurransar, foredrag og arrangement kvar veke fram mot jul.
Tidspunktet er frå kl. 18:00 og møta plar vara i to timar.

På sesongens første kveld planlegg vi ein mjuk start med prat, litt informasjon og ein fotoframvising frå Tanzania og kanskje litt prat om å fotografera personar ein ikkje kjenner.

Er det nokon som har spørsmål eller innspel, så fyr laus!

Fotografer stolen din

Illustrasjonsfoto av smemon87 er gjenngitt under Creative Commons-lisens.

Det er sommarferie i Odda Fotoklubb og neste fotomøte skjer først den 23. august 2011.

Men når du først er innom Origo-sona til fotoklubben og les, så tenkte eg å gje deg ei ganske så enkel utfordring:

  • Fotografer stolen din og publiser bilete i ein kommentar, her!

Spør gjerne om hjelp om du lurer på korleis du skal gå fram eller har spørsmål du søker svar på :-)

Denne oppgåva er så enkel at du heilt sikkert finn kreative måtar å løysa denne utfordringa på. :-)

Månadens foto - juni 2011. Tema: Motlys

Det var rekordjevnt i toppen denne gang og førsteplassen måtte delast mellom Vivian Korssund som vant med dette fotografiet…

…og Dag Endre Opedal som vant med dette fotografiet

Temaet denne gang var “motlys” og 11 foto var med i konkurransen. Månadens foto blir avholdt første tysdagen kvar månad i fotoklubben og alle betalande medlemmer i Odda Fotoklubb kan delta. Det har i alt vore 5 forskjellige vinnerar hittil i år og nivået på innsendte foto er veldig bra. Månadens foto tar no ferie fram til etter sommarferien og takkar for alle flotte innsendte foto hittil i år og håpar det blir ein aktiv og konkurransefylt haust.

Obs! Bileta er beskytta av lov om opphavsrett!

Medlemmer i Odda Fotoklubb blir oppfordra til å visa fram bileta sine her i Origo-sona. Alle bileta er i utgangspunktet automatisk verna av norsk lov om opphavsrett. All bruk av bileta skal avklarast på førehand!

Odda Fotoklubb kan formidla kontakt til fotografen om ønskeleg.

Fotoklubben kan ikkje gje bruksrett på vegne av medlemmene.
Det er berre fotografen som kan gje rett til bruk.

Du må også få klarering når du brukar bileta til “gode føremål” og når du krediterer fotografen og/eller klubben.

To Facebook-sider for fotoklubben

Odda Fotoklubb har både ei uformell venegruppa på Facebook, og vi har ei formell side.
To ting :-)

Nyt dei, både to!

Medlemsmøte..

Har vi glemt Tirsdag 31 mai i kalenderen?? Eller var det ikke noe den dagen?

Ny (og betre) kamerasimulator

Her kan du eksperimentera med innstillingane til kameraet.
I den her simulatoren har dei fått til noko viktig. Rørsle!
Du har noko som snurrar rundt med konstant fart.
Dette gjer at du får ei veldig realistisk simulering av faktiske situasjonar som fotografar blir utfordra med. Prøv å få alt til å stå i ro, og prøv å unngå støy.

Veldig bra simulator, må eg sei! :-)

Kjelde: wiredcpu.com