1. mai er "utefotograferingsdag"

Merk at tysdag den 1. mai er ein skulefri dag, og at fotoklubben (som føl skuleruta) difor ikkje har møte. Måtte dagen gje fotoklubben sine medlemmer ein gylden sjanse til å koma seg ut med kamera.

På tide å koma i orden

Dugnad og innsats for fellesskapet er visst nok bra ;-)
I dag kl. 18 samlast vi til dugnadsarbeid på fotoklubben for å mala ferdig og koma på plass.

Taket er ferdig (hurra!), så vi kan montera prosjektor og lerret.
Vidare må veggene malast eit 3. og delvis 4. strøk for å bli ferdig.

Still opp i arbeidsklede og med godt hummør!

Månadens foto på vitensenteret i dag

Hei gode fotoklubbmedlemmer. Pga malingsarbeidet som pågår på frivilligsentralen for tida så blir det månadens foto på vitensenteret i dag kl. 18.

Draumen om ein DIB-1210

Digital Imaging Box DIB-1210

Fotoklubben har lenge vurdert å kjøpa inn eit fotostudio til fotografering av miniatyrar og gjenstandar. Tidlegare har vi sett på portable studio til $50 og vi har sett på løysingar ein kan laga sjølv.

Så kom Dag Endre med ein profisjonell løysing som har lys i bordet, og med rett fargetemperatur. Den minste versjonen heiter DIB-1210 og kostar rundt 6 500,-

Eit spennande konsept som fotoklubben kanskje må vurdera å skaffa seg, ein gong…

Valg av linse

jeg lurer gå til anskaffelse av Canon EOS 7D og klarer ikke å bestemme meg for hva linse jeg skal velge mellom 18-135 eller 18-200 og lurer på om det er noen som fortelle meg om eventuelt sine erfaringer eller råd osv.

Maledugnad på fotoklubben

Illustrasjonsfoto frå fotoklubben sin maledugnad på Vitensenteret

Fotoklubben sine møtekveldar har blitt litt amputert dei siste gongane, pga. eit veggmaleprosjekt som har stoppa litt opp. Etter forslag frå Helge sist tysdag, trår vi difor til med litt dugnadshjelp den her tysdagen.

Dei som ikkje vil (kanskje det blir litt fullt?) er veldig velkomen til å bruka tysdagen i fotostudioet (i nabokjellaren).

Frivilligsentralen skulle prøva å skaffa ekstra malerullar, men du må veldig gjerna ta med din eigen pensel.

Målet er å bli ferdig med veggmalinga i kveld.

HP Photosmart Pro B9180

HP Photosmart Pro B9180

Gjennom Odda Frivilligsentral har fotoklubben tilgang til ein flott fotoskrivar. Skrivaren står under trappa i kjellaren, og kan produsera fotografi i opp til A3+

For å få til utskrift frå medbrakt datamaskin, må du installera HP sin skrivardrivar. Her; kan du velga kva for eit operativsystem du har, og så få opp ei lista over aktuelle program/drivar du kan lasta ned.

Månadens foto mars: speiling refleksjon

6. mars hadde fotoklubben den månadlege konkurransen og denne gang var temaet speiling/relfeksjon. 10 stk. leverte inn til saman 26 foto, som er ny rekord for månadens foto! Masse gode foto førte til knallhard kniving om å få ein topp 3-plassering og poeng i årets fotograf 2012. Helge var som han ofte er i toppen og stakk av med både 3. og 2. plassen! Men igjen så stakk Dag Endre av med førsteplassen med fotografiet under, vi gratulerar ;)

Reflection bean
Foto: Dag Endre Opedal

Les meir…

Lightroom 4-prisen er klar

Adobe Photoshop Lightroom 4

I følgje akam.no har Adobe lansert prisen på neste utgåve av Lightroom. Dei uttalte prisane kan tyda på at vi vil få desse norske prisane:

  • Fullversjon ca. kr 1 090,-
  • Oppgradering ca. kr 620,-

Og om fotoklubben får rabatt gjennom NSFF gjenstår å sjå.

Ingen fotoklubb i vinterferien.

Illustrasjonsfoto for å frista folk til å kanskje laga seg fotoklubb-gensar

Det blir ikkje nokon fotoklubb tysdag den 28. februar, fordi vi føl skuleruta og denne veka er det vinterferie i Odda. Håkon kjem til å vera på Frivilligsentralen frå 18-20 å jobba med andre ting, og om nokon vil innom for å gjer noko fotoklubb-aktig (utskrift, fotostudio, etc.), så er dei hjartans velkomen.

Ikea-benk til fotostudio

Ved fotografering i fotoklubben sitt store fotostudio, treng vi ofte stolar, krakkar og benker. Dette har tidlegare vert etterlyst her. Eg har vert innom på Ikea å brukt kr. 495,- på ein kvit Ikea-benk.

Benken har plass til ca. tre personar, og eg håpar den kan koma til nytte ved fotografering av gruppebilete.

Eit tilsvarande produkt som vi kanskje kunne fått nytte av, er Ikea BEKVÄM Trappestige, kvit til kr. 129,-

Evt. nokon andre stol- eller krakk-løysingar.

Tips: Focus Stacking

Rune spurte om Focus Stacking, og vi fann og såg den her filmen på sist klubbmøte:






Spennande konsept!
No kan vi kanskje få til å laga sylskarpe macro-bilete, med relativt rimelege objektiv.

Kurs i Adobe Photoshop (1/3)

I dag blir det eit grunnleggjande kurs i Adobe Photoshop på Odda Fotoklubb. Kurset startar kl. 18:00 og varar i to timar. Frammødte medlemmer blir sett på liste, og vil kunna få tilgang til å kjøpa lisens på programmet til sterkt redusert pris gjennom vårt medlemskap i NSFF

På denne første opplæringsbolken i Adobe Photoshop skal vi læra grunnleggjande ting.
Folk må gjerne ta med seg datamaskin (type; bærbar) og dei må gjerne ha Photoshop installert før kurset.
Ein skal også kunne få nytte av kurset om ein ikkje har Photosohp på medbrakt datamaskin.

  • Installasjon
  • Opne, lagre, filformater, etc.
  • Selection tool
  • Layers
  • Levels, Hue, etc.
  • Ajustment layers
  • Tools (Brush, clone, healing tool, etc.)

Inspirerande film om Vivian Maier

Nokon av oss har sett filmen før, men den er veldig inspirerande. Eg fekk ei påminning via eit tips i innboksen min (takk Lena!) og tenkte at eg måtte dela filmen ein gong til. Sist gong filmen blei posta her, var for eit år sidan.

Måtte nokon med erfaring frå digitalisering og arkivering bli inspirert til å ta ein runde om dette på ein av drøskveldane våre.

Vinnar av månadens foto - arkitektur

Årets andre månadens foto har gått av stabelen og det var og i dag eit godt oppmøte og mange gode foto i konkurransen. Temaet for dagens runde var arkitektur. 19 foto konkurrerte om dei tre første plassane som gir poeng i Årets fotograf 2012
På tredjeplass og 5 poeng kom Dag Endre, menst andreplassen og 10 poeng gikk til Håkon.

Såheim powerplant
Foto: Dag Endre Opedal
Og førsteplassen og 15 poeng gikk til Dag Endre, altså underteikna, for andre månad på rad… Så no håpar eg at klubbmedlemmer legger seg i hardtrening for å ta opp jakten på dei verdifulle poenga ;-)

Årsmøte 2012

Minner om årsmøte som er tysdag 14. februar

Årsmøte behandler:
1: Valg av møteleder
2: Valg av 2 medlemmer til å undertegne protokollen
3: Innkallelsens lovlighet
4: Årsberetning
5: Revidert regnskap
6: Kontingent
7: Budsjett
8: Valg
9: Innkomne forslag

Vel møtt.

Fotosafari i Tysso 1

Den 31. januar var delar av fotoklubben samla til fotosafari i den gamle kraftstasjonen i Tyssedal. Mot slutten av seansen samla vi fotografane til eit gruppebilete:

Vi holdt deg gåande i tre timar, og det var veldig kjekt.
Neste tysdag er tema for fotokonkurransen sett til arkitektur. Kanskje dukkar det opp eit og anna bilete frå innsida av ein kraftkatedral? ;-)

Vinnar av månadens foto januar 2012

Årets første “månadens foto” har funne sted og temaet denne gang var fritt. Det var påmeldt 22 foto til konkurransen, som er ny rekord for fotoklubben! Nytt for året er at månadens foto-konkurransane er ein del av årets fotograf-konkurransen til Odda Fotoklubb. Vivian stakk av med tredjeplassen og 5 poeng, Tore Johan fekk andreplass og 10 poeng, menst Dag Endre tok førsteplassen med bilete under og 15 poeng i “årets fotograf”.


Aurora borealis, Odda Nordlys

Foto: Dag Endre Opedal

Veldig bra oppmøte i dag og mange flotte foto i konkurransen, blant anna så hadde vi heilt ferske medlemmer som deltok i dag med noen veldig tøffe og spenstige foto. Dette lover bra for fotoåret 2012!

Last ned Adobe Lightroom 4 beta

Illustrasjon frå idb.no

I går lanserte Adobe ein beta-versjon av Lightroom 4 som du kan lasta ned heilt gratis. Programmet skal fungera ut mars månad, så du får god tid på deg til å bli kjent med programmet:

Programmet er tilgjengeleg for Mac og Windows.

Som Julieanne Kost fortel i videoen under, skal du ikkje jobba med original-bileta dine i betaen. Bruk kopiar av bildefilene dine når du testar Lightroom 4 beta.


Fleir filmklypp om Lightroom 4 Beta fins her:

Vinnar av månadens foto desember 2011

Før den siste månadens foto-konkurransen var det heile 4 medlemmer i fotoklubben som hadde vunne 2 konkurranser kvar i 2011! Det var derfor stor spenning før denne kvelden! Vivian kunne dessverre ikkje møta opp, så då stod det mellom Geir, Dag Endre og Helge om å blir årets uoffisielle fotograf i fotoklubben.

Foto: Helge Søgnebotten

Helge stakk av med seieren med det vannvittig flotte bilete ovanfor! Gratulera så masse til Helge med det flotte bilete, og heile 3 seierar i månadens foto i 2011.
I 2012 blir det kåra ein offisiell “årets fotograf” som blir både hedra og premiert!

Årets fotograf 2012

I år skal vi kåra fotoklubbens beste fotograf! Gjennom konkurranse “Månadens foto” samlar deltakarane opp poeng gjennom årets løp. Den med flest poeng etter 10 konkurranser får heder og ære som “årets fotograf”, i tillegg blir det premie som er ein overraskelse! Så her gjeld det å delta på så mange månadens foto framover og la konkurranseinstinktet få fritt spillerom!
Topp 3 kvar runde med månadens foto får følgande poengsum:
1. plass gir 15 poeng
2. plass gir 10 poeng
3. plass gir 5 poeng

Følgande tema kjem første halvdel i 2012:
januar: fritt
februar: arkitektur (interiør og eksteriør)
mars: speiling/refleksjon
april: svart-kvitt
mai: natur
juni: folk

Nikon D4

Pressefoto via akam.no

Sikle-sikle… Akam presenterer i dag Nikon sitt nye kamera:

Nikon D4

Eit kamera som truleg blir prisa over NOK 50 000,- når det kjem i butikken. Mykje pengar, men om ein selger bilen sin, så kan det kanskje gå?

Spesifikasjonar og eigenskapar er såfall veldig fristande.
Og då står det berre att å sjå kva brukarane syns, når dei først får brukt kameraet og vi får sjå resultata.

Spennande nytt, dette!

Lag panorama med Microsoft ICE

Microsoft Image Composite Editor (ICE) for Windows

Vi har tidlegare snakka om fotografering av panorama, der ein tek fleire bilete og set dei saman til eit langt motiv. Photoshop har innebygd støtte for å setja i hop bilete, men Photoshop kostar ein del pengar.

Vi har også testa ut gratisprogram basert på open kjeldekode, men fekk ikkje desse heilt til å fungera godt.

Her er eit prosjekt frå Microsoft som verkar lovande:

Lag fine panorama og del dei i den her albumen: