Spørsmål: Kva for eit mini-kamera bør eg kjøpa?

Leica D-Lux 6

Eg fekk spørsmål om kva for eit lite kamera ein bør kjøpa.

Først tenker eg at om ein ikkje orker å dra på eit fotoapparat, så bør ein vurdera å kjøpa seg mobiltelefon med bra kamera innebygd. Då slepp ein å dra på noko ekstra, og kan kanskje ta seg råd til å bruka ekstra pengar på neste mobiltelefon.

Men om ein først skal kjøpa seg eit lite tilleggskamera, så fann eg desse alternativa til han som spurte:

  • Canon Ixus 220 HS – Kr. 890,- hos CDON.no m/veske er knallbra!
  • Canon PowerShot S100 – Kr. 2 495,- hos FotoVideo.no er klassikar-kameraet.
  • Olympus XZ-1 – Kr. 2 645,- hos JapanPhoto.no
  • Panasonic Lumix DMC-LX7 – Kr. 3 745,- hos FotoVideo.no
  • Sony Cyber-shot DSC-RX100 – Kr. 4 985,- hos JapanPhoto.no
  • Leica D-Lux 6 – Kr. 5 995,- er kongen på haugen!

…håpar dette kan koma til nytte for andre også, og om nokon har kommentar, støtte, motførestillingar, etc. så skriv for all del ein kommentar :-)

Debatt om julautstilling på Facebook

Faksemile frå Facebook-sida vår

Fotoklubben si facebook-side (open for alle, også deg som ikkje er på Facebook), foregår det ein diskusjon rundt ein planlagd julautstilling.

Delta i debatten der, eller diskuter vidare her :-)

Nytt skap skal på plass

Vi har kjøpt inn eit høgt skap som skal husa verktøey, utstyr, papir og saker og ting. Skapet er levert, og skal på plass i dag.

Bli med å få det opp, og bli med å omrokkera på utstyret vårt.
Den vetle hylla vår skal vekk.

Oppmøte som vanlig kl. 18 i kveld :-)

Haustferie = ingen fotoklubb

Illustrasjonsbilete: Håkon T.

Tysdag den 2. oktober 2012 er det haustferie i Odda.
Odda Fotoklubb følger skuleruta, og når skulen har fri, så har fotoklubben fri.

Vi er tilbake på tysdag den 9. oktober, og då med fotokonkurranse:

Månadens foto og tema er vatn.

Spørsmål om ARW-filer

Sony RX100

Eg fekk dette spørsmålet via e-post, og tenkte at dette kunne kanskje andre også delta på eller ha nytte av:

Har fått meg eit nytt kamera. Sony RX100
Og slit litt med å finne eit program til å konvertere ARW formatet. Har du eit tips om program?

Og her er mitt svar:

Tja.. kan det stemma at Sony RX100-kameraet blei lansert i juni i år?
Programvare som er eldre enn det, kan naturligvis ikkje konvertera eller jobba med RAW-filer frå dette kameraet.

Her er ein oppdatert raw-konverter for Mac:
www.raw-photo-processor.com/RPP/Overview.html

…og Adobe kjem nok med ein oppdatering til sin RAW-konverter for Windows om ikkje alt for lenge, som støttar det nye kameraet.

Elles er det alltid lurt å prøva programvaren som følger med kameraet:
support.d-imaging.sony.co.jp/imsoft/Win/idc/us.html
support.d-imaging.sony.co.jp/imsoft/Mac/idc/us.html

Då håpar eg du er hjelpen :-)

Innspel?
Kommenter gjerne!

Dugnad 18.09.2012

Visning av bilder fra Tysso Via Ferrata-turen som fotoklubben hadde den 16. september. Fra venstre: Helene, Øystein, Hallvard, Hans, Kjetil og Bjarne.

Møtet i dag var produktivt, og mye ble gjort. Kabelgaten ble satt opp av Øystein, Hans og Bjarne så nå blir det lettere å bruke prosjektoren. En takk til Bjarne som hadde med verktøy som gjorde jobben mulig.

Samtidig ryddet undertegnede området rundt skriveren slik at det ble åpnere og at det gjør at den blir lettere å bruke. Helene og Kjetil ryddet i de gamle bildene som hang på veggen. De fleste av de ble pakket ned, men noen av de skal opp på veggen igjen. Mens dette pågikk vandret Håkon rundt og tok bilder.

Kvelden ble avsluttet med bildevisning fra Via Ferrata-turen til Lilletopp.

Foto: Håkon

Tysso Via Ferrata

Tre frå fotoklubben var med på fotoklatring opp røyrgata i Tyssedal. Vi deltok i ei gruppa med turoperatørar, og fekk god tid til å stoppa opp der vi ville.

Ein passe krevande tur, med spennande bruk av klatreutstyr, hjelm og greier :-)

Til våren er målet å få til ein ny Via Ferrata-tur, og at det då blir med langt meir folk.

Vidvinkelstevet til Lillebjørn Nilsen


Stevet startar eit minutt ut, og er gode to minutt langt.

Her er teksten, også:

Det var ein tidleg morgan at eg gjekk i skogen inn.
Eg fann ei edel kvinne der med rose-raude kinn.
Eg sa: “Kva gjer ei møy som deg i svarte skogen her?”
“Eg tek snap-shots med mitt kameral”
sa ho då eg kom nær.

“Det er ein merke-dag det her, mi kjære møyl” sa eg.
“For eg er og ein fotograf med same mål som deg.”
Så fekk ho ta min Nikon F i hennar kvite hand.
Ho, sa-; “Så flott eit apparat du har, min gode mann!”

Mitt kamera lika ho så vel, at utan ventetid
så opna ho den fløyel kledte kamera-veska si.
“Slikt utstyr har eg aldri sett, mi kjære møy … " sa eg.
“Lat meg få dra stativet ut, så tek vi same veg.”

Så knipsa vi mot solefall og så mot låvedør.
Uvande vinklar fann vi flust; som ikkje var funne før.
Ho hadde apen blendar og lang eksponeringstid.
Eg hadde farga filter på mitt tele-objektiv.

Slikt lag med film og kamera har eg aldri sett, min ven!
Ho hedd’kje før fått rullen utså var ho budd igjen.
Og når til sist eg såg at det var slutt på filmen min,
- så fanga ho oss både-inn med sjølutløysar’n sin.

Ho sa: “Eg har hatt Kodak. Eg har hatt ein Hasse/blad
Pentax og Mina/ta tykte eg var nokså bra.
Yashika og Olympus kunne også godt gå an.
Men å knipsa med din Nikon F var topp,
min gode mann!”

Ny versjon av Canon 24-70 f/2.8

Illustrasjonsbilete: Canon

Då er Canon sitt nye 24-70 f/2.8 II-objektiv blitt testa, og alt tydar på at dette er eit sylskarpt normalobjektiv for fullformat. Vi som har mindre sensor får (som alltid) nyta godt av den beste delen (midten) av glasset, men må tilgjengjeld godta ei opplevd brennvidde på 38-110 mm.

Eit veldig spennande og atraktivt objektiv som er prisa litt høgt, i og med at det ikkje er tilgjengeleg i nokon butikkar enno.

Lenke:

For oss som er litt ekstra intressert, har Lensrentals ein fin artikkel om innsida på det nye objektivet:

Oppdatert: Felles fototur langs røyrgata i Tyssedal den 16. september 2012

Faksemile frå NRK Nett-TV

Det blir felles fototur langs røyrgata i Tyssedal den 16. september 2012 med oppmøte ved kyrkja kl. 10. Turen er den såkalla “TyssoViaFerrata i rallarens fotspor” som du kan lesa om på opplevodda.com

Fotoklubben sender rekning per e-post til dei som blir med.
Spesialpris for medlemmer: kr. 300,-
Dei som ikkje er medlem kan også bli med (ta gjerne med vener og kjende), og då er det også ein spesialpris: kr. 555,-
Vi har tilbod om å køyra løypestreng (zip-line) ned igjen, for kr. 100,- per deltakarar. Dette er det skumlaste, som visst nok berre dei tøffaste plar tørra.

Vi tar eit visst vér-atterhald. Om det blir storm, lyn og torden, eller store nedbørsmengder, så avlysar vi (og finn ein seinare dato). Men vi køyrer på, sjølv om det er litt yr i lufta!

Soldal frå OpplevOdda skal uansett gå turen med nokre britiske journalistar. Pga. usikkert vér har vi fått lov til å sjå det ann, utan å binda oss. Dei av oss som finn ut på sundag at véret er greit nok, kan stilla opp og bli med.

Binnande påmelding skjer via e-post:

Send namn og alder på dei som skal vera med til post@oddafoto.no

Sjå innslaget som NRK Hordalan laga i 2009:

Dei som ikkje ønskjer å klatra, kan køyra privatbil (evt. sitja på med andre i fotoklubben) til Toppelvsvingen og spasera den ca. 30 minutt lange stien, for så å fotografera klatrarane… :-)

Følg med, og still spørsmål om det er ting du lurar på!

Månadens foto-vinnar, september 2012

Haustsesongens første fotokonkurranse hadde tema sommarminne. Totalt 11 bilete var med i konkurransen. Dei sju medlemmene som var med å stemte, gav til saman 102 poeng til vinnarbilete:

Foto: Øystein Bjørkelund

Motivet er frå Linesnes og det er Øystein som er fotograf og vinnar.
Fleire av Øystein sine bilete fins på heimesida hans: bjfoto.net

Håkon kom på 2. plass med 95 poeng og Øystein hadde 3. plassen med 86 poeng.
Vi klappar :-)

Neste månadens foto er den 9. oktober 2012, og då er tema vatn.
Les meir, her:

Kraftfulle motiv. Inspirasjon?






Fotovandring i Hovden

Haustsesongen 2012 blei starta med ein fototur rundt og i Hovden. På toppen tok vi (eller rettare sagt Egil) gruppebilete:

Foto: Egil Eriksen, Odda Fotoklubb

Du kan lesa omtale av turen, her

Bilete frå fotovandringa fins her:

Sånn får du laus filteret frå objektivet

Faksemile: eHow.com

Nokon gongar sit filteret bom fast på objektivet. Då er det nesten umogeleg å få det laus. Nokon i fotoklubben har spurt meg kva ein gjer for å få det laus, og andre har foreslått at klubben burde ha utstyr for å fjerna fastlåste filter frå objektiv.

Eg har liten og ingen kunnskap om dette sjølv, men spurte ein kamera-reperatør. Han svarar dette, via e-post:

Tips for å få løs filter er å lime en runde med dobbeltsidig tape rundt kanten på filter. Da får man godt tak .Zoom ut objektivet slik at man får godt tak i samme del som filter festet i uten å “vri hele objektivet”. Prøv å få fatt i en tape som er litt “myk”…. Dette virker også på polfiltre som ofte har veldig liten kant å skru på.

I noen tilfeller bruker vi også “spennbånd” av samme type som man bruker for å løsne oljefiltre, det er i ekstreme tilfeller med store filtre. Dette er vanskelig å få til, og fører ofte til skade på filteret.

Er filter støtskadet slik at det ikke kan tas av på normal måte er det verre.. må da ofte knuses og ringen må fjernes etterpå. Anbefales at dette gjøres på verksted.

Om nokon vil prøva seg på dette i regi av fotoklubben, så kan vi gjerne dela erfaringar på ein drøskveld.

Les meir om filter hos eHow.com (engelsk)

Fotoalbum frå Fotovandringa i Hovden, 21.08.2012

Fotoalbum frå Fotovandringa i Hovden, 21.08.2012

Vi starta sesongen med ei fotovandring i Hovden.
Før vandringa informerte vi frammødte medlemmer om programmet for hausten, og vurderte véret nøye :-) Til slutt gjekk ni av oss på tur i og rundt Hovden.

Dei av oss som vil dela dei beste bileta vi tok på turen, kan leggja dei i Origo-albummen Fotovandring i Hovden, 21.08.2012

Det er også kjekt om folk kommenterer og deler meiningane sine.

Sesongoppstart for fotoklubben

Faksemile: Bilvandring

Tysdag den 21. august startar vi opp haustsesongen 2012 med ein fotovanding i Hovden.
Det blir oppmøte som vanlig kl. 18:00 på Frivilligsentralen.
Når alle har komt, køyrer vi opp på parkeringa der busstoppet på Eidesflaten (i Jordalsvegen) er, rett framfor Hovden. Mellom kl. 18:15 og 18:30 startar vi sjølve vandringa, der det er fleire flotte motiv:

  • Campingplassen
  • Kjempesteinen (“verdens største” stein)
  • Sandvinsvatnet med flytebrygge
  • Åstø, der Opo startar
  • Opp til hotellet med fin utsikt over Eidesflaten
  • Opp ved mobilmasta med utsikt over Sandvinsvatnet
  • Ned i koldehola
  • Fellesgrilling ved scena (nokon varme klede kan vera lurt!)

Tips: Det kan godt henda at dette tek langt meir enn dei vanlege to timane :-)

Sommaravslutning for fotoklubben

Søndag 10. juni var vi ein fin gjeng som hadde ein flott tur inn til Bondhusvatnet.

Halvard, Helge, Dag Endre, Kjetil og Aleksander hadde med seg både grill og mat og koste seg ved Bondhusvatnet. Det var ein flott tur med godt vær og hyggelige folk.
Etter at grillmaten plutselig var oppspist så var vi litt innover langs vatnet og tok nokre fotos som seg hør og bør når ein er på fototur.

Bondhus lake and glacier

Her er eit foto som underteikna tok på turen i den flotte Bondhusdalen.

Vinnar av månadens foto - Natur

Temaet for månadens foto i mai var “Natur”. Dag Endre stakk av med 2. og 3. plass og Helge tok 1. plassen med dette flotte fotografiet. Vi gratulerar!

Foto: Helge Søgnebotten/hesofoto.com

Og i morgon er det tid for siste runde med månandens foto før sommarferien.

Fotoklubben har ikkje tatt heilt sommarferie enda!

Vi har planlagt 2 klubbmøter til pluss ein sommaravslutning før vi tar sommarferie:

Vel møtt!

Dokumentar om fotograf Sally Mann

Foto under CC via Wikimedia

I samband med at fotograf Sally Mann kjem til Oslo den 3. mai, er det passande å sjå dokumentaren om fotograf Sally Mann. Dokumentaren er delvis makaber, og visar mellom anna korleis ho jobbar med å fotografera døde kroppar. Den er i tre delar og varar i totalt 1 time og 20 minutt:

Informasjon om dokumentaren fins på nettstadar som rottentomatoes.com og imdb.com.

Kjelde: Ingerid Jordal, Facebook

Merkeutstyr er kjøpt inn

Kjelde: Instagram

Fotoklubben bestemte på årsmøtet at det kunne brukast inntil kr. 2 500,- på merkeutstyr. Planen var å kjøpa inn ei Dymo-maskin som kunne skriva ut både papiretikettar og laminert tape. Etter å ha orientert meg i marknaden, fann eg særs få som solgte aktuelle variantar av laminert tape til Dymo.

Eg kikka difor til Brother som har veldig bra utval i såkalla TZ-tape i mange fargar og typar. Hos PS.no fann eg ein rimeleg merkemaskin, samt ein etikettskrivar som visst nok skal kunne brukast direkte (utan å installera programvare).

Etter å ha funne fraktkost, la eg til atikettar og batteri, så summen blei kr. 2 493,85

Vinnarfoto frå månadens foto april 2012

Fjerde runde av konkurransen vår, månadens foto, blei avholdt i april og temaet for dagen var “svart-kvitt”. Håkon fekk ein fin-fin tredjeplass, menst Helge tok andreplassen. Og så stakk jaggu Helge av med førsteplassen og med det flotte bilete under!

Foto: Helge Søgnebotten

Med dette så tok Helge godt innpå Dag Endre i “Årets fotograf 2012”, så konkurransen er heilt open og etter dagens månadens foto så kan det godt henda at vi har ein ny som leder årets konkurranse. Så det er ikkje så mykje som skal til for å henta inn igjen dei som ligg i tet, så bare hiv dåkke på!

Oppfordring: Delta på kunstprosjekt

Fotoklubben oppfordrar dei av medlemmene som er mellom 18 og 25 år til å delta i eit kunstprosjekt no på onsdag.

Les meir om prosjektet på origo-sona til frivilligsentralen: