Viser arkivet for stikkord odda, fotoklubb

Fotomesse tirsdag 19.10.10

Vi får også i år besøk av Herheim foto fra Voss, dei stiller med eit godt vareutvalg av fotoutstyr for fotointereserte i alle klasser. Dei har med seg ein representant fra utstyrsleverandøren Lowepro.
Så sett av tirsdagskvelden til eit besøk på fotoklubben der vil du garantert treffa folk som kan foto og kansje gjera ein god handel.

Sjå også annonse i HF.

Odda Frivilligsentral tirsdag 19.10.10 kl. 18.00

Ein GIF-animasjon frå Torget i Odda, 28. september 2010.

Oppdatering: Det ser ut til at Origo konverterer animerte GIF-filer til JPEG (eller .jpg), og då forsvinn animasjonen. Klikk her for å sjå den originale GIF-fila:

Hva skjer i mora på fotoklubben

Skal vi ha medlemsmøte i mora.
Korleis går det med Lo-utstilinga?

God jul og godt nytt fotoår

Ønskjer alle medlemmer, støttespelerar og fotointeresserte ei riktig god jul og eit godt nyttår. Vi tar julaferie og satse på eit forykande fotoår i 2010. Utstillinga har vore kjekk og lærerik, eg vil takka alle som har bidratt til att vi fekk den på plass. Ein spesiell takk vil eg og gje til frivilligsentralen som alltid er ein god støttespelar, og til NVIM som har gitt oss hjelp og lokale til utstillinga. Vi er heldige som har slike gode støttespelerar.

Følg med på sida her for når vi starte opp igjen etter jul og for vårprogrammet. Vi har fleire kjekke ting på lur som kurs, månadens foto, temakveldar, fotoframsyning og eit nytt spannande utstillingsprosjekt på gang. Tenk gjerne på kva du helst vil gjera på i regi av fotoklubben våren 2010, og send inn forslag til klubben eller rett her i kommentarfeltet.

Fototur med mellomformat

I dag var eg og Aleksander ute på testtur med fotoklubben sitt Bronica mellomformatkamera. Påmontert er det eit 75mm f/2.8 objektiv. Dei analoge fotoa frå turen er dessverre ikkje klare, men her kan dåkke sjå eit par kjedelige digitale foto tatt av att vi prøve ut eit deilig analogt kamera med ein fantastisk god søkar.

Biletserie med 15 bilete — bla med å trykkje på pilene

Inspirasjon: Livet er Harley!

Stavanger Aftenblad – Livet er Harley!

Stavanger Aftenbladet posta i går ein av dei beste nettartiklane eg har sett. Artikkelen fortel historia om ein motorsyklist frå Sandnes som krasja, sør for Odda for 11 år sidan. I tillegg til teksten i artikkelen finn du eit knakande godt lydspor og eit enno betre lysbiletespel.

Fabelaktig gode bilete og ei gripande historie.
Inspirerande!

Fotoserie frå Gondolbanen i Ringedal

Under bygginga av kraftstasjonen Tysso II i Skjeggedal vart det laga ein gondolbane som gikk opp mot Nibbehøl, i slideshowet kan du sjå nokre foto frå denne gondolbanen. Les meir på museet sine sider.