Viser arkivet for september, 2012

Haustferie = ingen fotoklubb

Illustrasjonsbilete: Håkon T.

Tysdag den 2. oktober 2012 er det haustferie i Odda.
Odda Fotoklubb følger skuleruta, og når skulen har fri, så har fotoklubben fri.

Vi er tilbake på tysdag den 9. oktober, og då med fotokonkurranse:

Månadens foto og tema er vatn.

Spørsmål om ARW-filer

Sony RX100

Eg fekk dette spørsmålet via e-post, og tenkte at dette kunne kanskje andre også delta på eller ha nytte av:

Har fått meg eit nytt kamera. Sony RX100
Og slit litt med å finne eit program til å konvertere ARW formatet. Har du eit tips om program?

Og her er mitt svar:

Tja.. kan det stemma at Sony RX100-kameraet blei lansert i juni i år?
Programvare som er eldre enn det, kan naturligvis ikkje konvertera eller jobba med RAW-filer frå dette kameraet.

Her er ein oppdatert raw-konverter for Mac:
www.raw-photo-processor.com/RPP/Overview.html

…og Adobe kjem nok med ein oppdatering til sin RAW-konverter for Windows om ikkje alt for lenge, som støttar det nye kameraet.

Elles er det alltid lurt å prøva programvaren som følger med kameraet:
support.d-imaging.sony.co.jp/imsoft/Win/idc/us.html
support.d-imaging.sony.co.jp/imsoft/Mac/idc/us.html

Då håpar eg du er hjelpen :-)

Innspel?
Kommenter gjerne!

Dugnad 18.09.2012

Visning av bilder fra Tysso Via Ferrata-turen som fotoklubben hadde den 16. september. Fra venstre: Helene, Øystein, Hallvard, Hans, Kjetil og Bjarne.

Møtet i dag var produktivt, og mye ble gjort. Kabelgaten ble satt opp av Øystein, Hans og Bjarne så nå blir det lettere å bruke prosjektoren. En takk til Bjarne som hadde med verktøy som gjorde jobben mulig.

Samtidig ryddet undertegnede området rundt skriveren slik at det ble åpnere og at det gjør at den blir lettere å bruke. Helene og Kjetil ryddet i de gamle bildene som hang på veggen. De fleste av de ble pakket ned, men noen av de skal opp på veggen igjen. Mens dette pågikk vandret Håkon rundt og tok bilder.

Kvelden ble avsluttet med bildevisning fra Via Ferrata-turen til Lilletopp.

Foto: Håkon

Tysso Via Ferrata

Tre frå fotoklubben var med på fotoklatring opp røyrgata i Tyssedal. Vi deltok i ei gruppa med turoperatørar, og fekk god tid til å stoppa opp der vi ville.

Ein passe krevande tur, med spennande bruk av klatreutstyr, hjelm og greier :-)

Til våren er målet å få til ein ny Via Ferrata-tur, og at det då blir med langt meir folk.

Vidvinkelstevet til Lillebjørn Nilsen


Stevet startar eit minutt ut, og er gode to minutt langt.

Her er teksten, også:

Det var ein tidleg morgan at eg gjekk i skogen inn.
Eg fann ei edel kvinne der med rose-raude kinn.
Eg sa: “Kva gjer ei møy som deg i svarte skogen her?”
“Eg tek snap-shots med mitt kameral”
sa ho då eg kom nær.

“Det er ein merke-dag det her, mi kjære møyl” sa eg.
“For eg er og ein fotograf med same mål som deg.”
Så fekk ho ta min Nikon F i hennar kvite hand.
Ho, sa-; “Så flott eit apparat du har, min gode mann!”

Mitt kamera lika ho så vel, at utan ventetid
så opna ho den fløyel kledte kamera-veska si.
“Slikt utstyr har eg aldri sett, mi kjære møy … " sa eg.
“Lat meg få dra stativet ut, så tek vi same veg.”

Så knipsa vi mot solefall og så mot låvedør.
Uvande vinklar fann vi flust; som ikkje var funne før.
Ho hadde apen blendar og lang eksponeringstid.
Eg hadde farga filter på mitt tele-objektiv.

Slikt lag med film og kamera har eg aldri sett, min ven!
Ho hedd’kje før fått rullen utså var ho budd igjen.
Og når til sist eg såg at det var slutt på filmen min,
- så fanga ho oss både-inn med sjølutløysar’n sin.

Ho sa: “Eg har hatt Kodak. Eg har hatt ein Hasse/blad
Pentax og Mina/ta tykte eg var nokså bra.
Yashika og Olympus kunne også godt gå an.
Men å knipsa med din Nikon F var topp,
min gode mann!”

Ny versjon av Canon 24-70 f/2.8

Illustrasjonsbilete: Canon

Då er Canon sitt nye 24-70 f/2.8 II-objektiv blitt testa, og alt tydar på at dette er eit sylskarpt normalobjektiv for fullformat. Vi som har mindre sensor får (som alltid) nyta godt av den beste delen (midten) av glasset, men må tilgjengjeld godta ei opplevd brennvidde på 38-110 mm.

Eit veldig spennande og atraktivt objektiv som er prisa litt høgt, i og med at det ikkje er tilgjengeleg i nokon butikkar enno.

Lenke:

For oss som er litt ekstra intressert, har Lensrentals ein fin artikkel om innsida på det nye objektivet:

Oppdatert: Felles fototur langs røyrgata i Tyssedal den 16. september 2012

Faksemile frå NRK Nett-TV

Det blir felles fototur langs røyrgata i Tyssedal den 16. september 2012 med oppmøte ved kyrkja kl. 10. Turen er den såkalla “TyssoViaFerrata i rallarens fotspor” som du kan lesa om på opplevodda.com

Fotoklubben sender rekning per e-post til dei som blir med.
Spesialpris for medlemmer: kr. 300,-
Dei som ikkje er medlem kan også bli med (ta gjerne med vener og kjende), og då er det også ein spesialpris: kr. 555,-
Vi har tilbod om å køyra løypestreng (zip-line) ned igjen, for kr. 100,- per deltakarar. Dette er det skumlaste, som visst nok berre dei tøffaste plar tørra.

Vi tar eit visst vér-atterhald. Om det blir storm, lyn og torden, eller store nedbørsmengder, så avlysar vi (og finn ein seinare dato). Men vi køyrer på, sjølv om det er litt yr i lufta!

Soldal frå OpplevOdda skal uansett gå turen med nokre britiske journalistar. Pga. usikkert vér har vi fått lov til å sjå det ann, utan å binda oss. Dei av oss som finn ut på sundag at véret er greit nok, kan stilla opp og bli med.

Binnande påmelding skjer via e-post:

Send namn og alder på dei som skal vera med til post@oddafoto.no

Sjå innslaget som NRK Hordalan laga i 2009:

Dei som ikkje ønskjer å klatra, kan køyra privatbil (evt. sitja på med andre i fotoklubben) til Toppelvsvingen og spasera den ca. 30 minutt lange stien, for så å fotografera klatrarane… :-)

Følg med, og still spørsmål om det er ting du lurar på!

Månadens foto-vinnar, september 2012

Haustsesongens første fotokonkurranse hadde tema sommarminne. Totalt 11 bilete var med i konkurransen. Dei sju medlemmene som var med å stemte, gav til saman 102 poeng til vinnarbilete:

Foto: Øystein Bjørkelund

Motivet er frå Linesnes og det er Øystein som er fotograf og vinnar.
Fleire av Øystein sine bilete fins på heimesida hans: bjfoto.net

Håkon kom på 2. plass med 95 poeng og Øystein hadde 3. plassen med 86 poeng.
Vi klappar :-)

Neste månadens foto er den 9. oktober 2012, og då er tema vatn.
Les meir, her:

Kraftfulle motiv. Inspirasjon?