Viser arkivet for august, 2012

Fotovandring i Hovden

Haustsesongen 2012 blei starta med ein fototur rundt og i Hovden. På toppen tok vi (eller rettare sagt Egil) gruppebilete:

Foto: Egil Eriksen, Odda Fotoklubb

Du kan lesa omtale av turen, her

Bilete frå fotovandringa fins her:

Sånn får du laus filteret frå objektivet

Faksemile: eHow.com

Nokon gongar sit filteret bom fast på objektivet. Då er det nesten umogeleg å få det laus. Nokon i fotoklubben har spurt meg kva ein gjer for å få det laus, og andre har foreslått at klubben burde ha utstyr for å fjerna fastlåste filter frå objektiv.

Eg har liten og ingen kunnskap om dette sjølv, men spurte ein kamera-reperatør. Han svarar dette, via e-post:

Tips for å få løs filter er å lime en runde med dobbeltsidig tape rundt kanten på filter. Da får man godt tak .Zoom ut objektivet slik at man får godt tak i samme del som filter festet i uten å “vri hele objektivet”. Prøv å få fatt i en tape som er litt “myk”…. Dette virker også på polfiltre som ofte har veldig liten kant å skru på.

I noen tilfeller bruker vi også “spennbånd” av samme type som man bruker for å løsne oljefiltre, det er i ekstreme tilfeller med store filtre. Dette er vanskelig å få til, og fører ofte til skade på filteret.

Er filter støtskadet slik at det ikke kan tas av på normal måte er det verre.. må da ofte knuses og ringen må fjernes etterpå. Anbefales at dette gjøres på verksted.

Om nokon vil prøva seg på dette i regi av fotoklubben, så kan vi gjerne dela erfaringar på ein drøskveld.

Les meir om filter hos eHow.com (engelsk)

Fotoalbum frå Fotovandringa i Hovden, 21.08.2012

Fotoalbum frå Fotovandringa i Hovden, 21.08.2012

Vi starta sesongen med ei fotovandring i Hovden.
Før vandringa informerte vi frammødte medlemmer om programmet for hausten, og vurderte véret nøye :-) Til slutt gjekk ni av oss på tur i og rundt Hovden.

Dei av oss som vil dela dei beste bileta vi tok på turen, kan leggja dei i Origo-albummen Fotovandring i Hovden, 21.08.2012

Det er også kjekt om folk kommenterer og deler meiningane sine.

Sesongoppstart for fotoklubben

Faksemile: Bilvandring

Tysdag den 21. august startar vi opp haustsesongen 2012 med ein fotovanding i Hovden.
Det blir oppmøte som vanlig kl. 18:00 på Frivilligsentralen.
Når alle har komt, køyrer vi opp på parkeringa der busstoppet på Eidesflaten (i Jordalsvegen) er, rett framfor Hovden. Mellom kl. 18:15 og 18:30 startar vi sjølve vandringa, der det er fleire flotte motiv:

  • Campingplassen
  • Kjempesteinen (“verdens største” stein)
  • Sandvinsvatnet med flytebrygge
  • Åstø, der Opo startar
  • Opp til hotellet med fin utsikt over Eidesflaten
  • Opp ved mobilmasta med utsikt over Sandvinsvatnet
  • Ned i koldehola
  • Fellesgrilling ved scena (nokon varme klede kan vera lurt!)

Tips: Det kan godt henda at dette tek langt meir enn dei vanlege to timane :-)