Viser arkivet for desember, 2012

Gjenopprett sletta filer (Windows)

Piriform Recuva File Recovery

Når du har komt til skade for å sletta bilder frå minnekortet ditt, er det viktig at du ikkje fyller på med fleir bilete. Sjølv om du har sletta bileta, kan dei gjenopprettas. Men om du tar nye bilete, kan dei nye filene koma til å overskriva dei sletta filene, og då er kanskje løpet kjørt….

Løysinga på gjennoppretting av sletta filer for deg med Windows, er nok Recuva:

Programmet er gratis og ambefalt av hw.no.

Juleavslutting på kinaen

Ti fotoglade folk møtte opp på kinarestauranten i Odda for å markera juleavsluttinga til Odda Fotoklubb. Folk åt, drakk og prata. Heider og ære blei gitt til mest-vinnande fotografar:

  1. Dag Endre
  2. Helge
  3. Håkon

Gratulera!

God jul folkens! Sjåast den 8. januar med fotokonkurranse der temaet er 1/15 sekund.

Biletserie med 5 bilete — bla med å trykkje på pilene

Program 2012

Da har jeg lagt ut programmet for januar, mer kommer senere.

Første møte i 2012 er 8 januar. Så den datoen må folk merke seg.

Utskriftskurs i Bergen 17. januar 2013

EPSON Stylus PRO 3880

HP-skrivaren som står på Odda Fotoklubb er formeldt gitt opp, av underteikna. Eg nektar å bruka meir tid på denne skrivaren. Dei interne test-utskriftene (utan at bilde-fila, fargerom, programvare, skrivardrivar, datamaskin, kabling, etc. er involvert) feilar, og eg har brukt nokon timar på å rensa, testa, rensa meir og testa meir.

Så om fotoklubben skal tilby utskrift for sine medlemmer, må kanskje årsmøtet ta stilling til innkjøp av nytt utstyr.

Uansett….

Torsdag den 17. januar held Profil Data as eit ganske omfattande kurs i fotoutskrift. Kurset kostar kr. 1 900,- for vaksne og kr. 890,- for lærlingar og studentar. Programmet er veldig detaljert:

Kven har tid til å delta?

PS! Her er ein engelsk vurdering av Mirage.

Det fins tilbod der ein kan kjøpa A2-skrivaren til Epson med Mirage-programvaren til kr. 9 745,-

Månadens foto, juni til desember 2012

I går, 4. desember, hadde fotoklubben årets siste månadens fotokonkurranse. Her kjem ei oppsummering av vinnarbileta frå juni til desember i år og vi startar med det siste.

Foto: Håkon Tverdal
Temaet i desember var “bevegelse” og Håkon fekk førsteplassen med dette bilete av ein racerbil i full fart, her har han panorert under eksponering og fått fram fartsfølelsen i bilete. Håkon tok og tredjeplassen.
Men han måtte dela førsteplassen med Dag Endre som har fotografert stjerner i bevegelse, star trails, over smelteverket. For øvrig ikkje ofte det blir delt førsteplass, men dei få gangane det har skjedd så har uforklarlig nok Dag Endre vert involvert…

Industrial star trails by Dag Endre Opedal (opedal)) on 500px.com

Industrial star trails by Dag Endre Opedal

I november så var temaet “gatefoto” og Geir stakk av med sigeren med dette tøffe bilete, menst Dag Endre fekk andre og tredjeplass.

Foto: Geir Glomstad

I oktober var temaet “vann” og Dag Endre fekk seg ein førsteplass med dette bilete av Svartifoss på Island, menst Geir stakk av med både andre og tredjeplass.

Svartifoss
Foto: Dag Endre Opedal

I september hadde vi første månadens foto etter sommarferien og temaet var “sommarminne”. Øystein fekk førsteplassen med dette flotte sommarfotoet. Øystein fekk og tredjeplassen, menst Håkon fekk andreplass.

Foto: Øystein Bjørkelund

Og før fotoklubben tok sommarferie så var temaet i juni “folk”. Helge avslutta ein sterk vårsesong i månadens foto med andre og tredjeplass, men det var Dag Endre som fekk med seg førsteplassen med dette bilete av ein smed i Oddasmio.

Number one
Foto: Dag Endre Opedal

Takk for mange flotte bidrag til månadens foto i 2012, no gjenstår det bare å se kven som stikker av med tittelen “årets fotograf 2012” i Odda Fotoklubb… Vel møt til ny runde i januar, og starten på “årets fotograf 2013”.