Viser arkivet for oktober, 2012

"Alt kjem til å bli bra"

Biletserie med 5 bilete — bla med å trykkje på pilene

Sist tysdag hadde Kristine med seg nokre rislykter. Ho ville testa ei av disse så me gjekk i gong. Fyrst ringde me til politiet for å seia ifrå og deretter gjekk me ut for testa produktet….

Det var forslag om å bruka slike lykter på nyttårsafta.

Spørsmål: Kva for eit mini-kamera bør eg kjøpa?

Leica D-Lux 6

Eg fekk spørsmål om kva for eit lite kamera ein bør kjøpa.

Først tenker eg at om ein ikkje orker å dra på eit fotoapparat, så bør ein vurdera å kjøpa seg mobiltelefon med bra kamera innebygd. Då slepp ein å dra på noko ekstra, og kan kanskje ta seg råd til å bruka ekstra pengar på neste mobiltelefon.

Men om ein først skal kjøpa seg eit lite tilleggskamera, så fann eg desse alternativa til han som spurte:

  • Canon Ixus 220 HS – Kr. 890,- hos CDON.no m/veske er knallbra!
  • Canon PowerShot S100 – Kr. 2 495,- hos FotoVideo.no er klassikar-kameraet.
  • Olympus XZ-1 – Kr. 2 645,- hos JapanPhoto.no
  • Panasonic Lumix DMC-LX7 – Kr. 3 745,- hos FotoVideo.no
  • Sony Cyber-shot DSC-RX100 – Kr. 4 985,- hos JapanPhoto.no
  • Leica D-Lux 6 – Kr. 5 995,- er kongen på haugen!

…håpar dette kan koma til nytte for andre også, og om nokon har kommentar, støtte, motførestillingar, etc. så skriv for all del ein kommentar :-)

Debatt om julautstilling på Facebook

Faksemile frå Facebook-sida vår

Fotoklubben si facebook-side (open for alle, også deg som ikkje er på Facebook), foregår det ein diskusjon rundt ein planlagd julautstilling.

Delta i debatten der, eller diskuter vidare her :-)

Nytt skap skal på plass

Vi har kjøpt inn eit høgt skap som skal husa verktøey, utstyr, papir og saker og ting. Skapet er levert, og skal på plass i dag.

Bli med å få det opp, og bli med å omrokkera på utstyret vårt.
Den vetle hylla vår skal vekk.

Oppmøte som vanlig kl. 18 i kveld :-)