Fotoproduksjon

Fotoklubben har fotoskrivar, fotopapir, paspatur/passe-partoute, kapa-plater, rammer, kutteuttyr og oppheng. Her er nokon detaljar om delar av det vi har.

Fotoskrivaren
Type: HP Photosmart Pro B9180
Kjøpt av Odda Frivilligsentral gjennom Odda kommune
Rekvisita kjøper vi av Per Furrebøe Kontorsenter AS
Størst papirformat: A3+ 32 × 48 cm
Minst papirformat: 7.6 × 13 cm
Sjølv om den støttar kantlaus utkrift, unngår vi å bruka dette for å auka levetida til skrivaren.
Minste marg: 14 mm i topp og botn, samt 3 mm på høgre og venstre side.

Nedlasting av drivar, etc.

Fotopapir
Fotoklubben prøver å halda lager av fotopapir i storleikane A4, A3 og A3+
Vi prøver å ha matt eller semi-matt papir, men får ofte berre tak i blank eller høyglans.

Paspatur
Fotoklubben har syrefrie ark (tjukke papp-ark til akkurat dette), samt kutteutstyr. Vidare plar vi halda eit lite lager av ferdigtilskjera paspatur. Merk at det også ofte fins rammer med paspatur inni.

Kapa-plater
Vi har kapaplater som er ei skumfyllt plata med lim på ei side. Platene kan kuttast til å passa til bilete og så kan fotografi limast rett på kapa-plata.

Rammer
Fine kvalitetsrammer får ein kjøpt hos Øygarden i Tyssedal og på andre rammebutikkar. Europris, Ikea og ein del andre, har også rimelege rammer. Pass berre på at det er syrefritt.
Fotoklubben har også nokon gonger eit lite lager av enkelte rammer.

Kutteutstyr
Vi har ein stor blå kuttekniv, samt ein heilt bein stål-linjal og kutteknivar. Vi har også skjærematte.

Oppheng
Fotoklubben har diverse opphengsutstyr for rammer og bilete. Krokar, fester, skruer, etc.

Vist 502 gonger.