Forum: Ope forum

Fotoutstilling på Smelt

Salsutstilling på Smelt Café i Odda

Då er fotoklubben på plass med salsutstilling på Smelt Café i Odda. Utstillinga opnar med tretten bidrag frå fem medlemmer. Etter kvart som bileta vert solgt, er tanken å fylla på med fleir bilete frå fleir av medlemmene.

Eg syns vi er flinke og vi har kome veldig langt på litt over eit og eit halvt år.

Dette er kjekt :-)

Håkon og Dag Endre visar fram den nye utstillinga.
Fotograf: Tonje S.

Beste måten å visa bilder

Eg tok noken fine bilder på Reinsnos i sommar, og tenkte å bruka disse som ein presang til div. slekt.
Eg brukte de i ein montasje i ei fotobok der eg hadde seks bilder på ein svart bakgrunn. Dette tok seg veldig bra ut, og eg kunne tenkt meg å laga noke liknande til å henga på veggen.
Er det noken som har idear og tips til korleis eg kan gjøra det finast mulig?
Ferdiglagde passepartoutar har ofte så små lysopningar og dei har og gjerne ulike former, både ovalar og rektanglar på samme, det ser gjerne rotete ut.
Finst det noken som lagar passepartoutar, eller er det noko eg kan laga sjølv?
Kanskje noken har forslag til heilt andre løysingar?

Innspel tas imot med takk :)

Picasa 3.6 på norsk

Picasa 3.6 på norsk

Google sitt biletehansamingsprogram Picasa 3.6 er no tilgjengeleg i norsk språkdrakt. Nytt i denne utgåva er gjenkjenning av ansikt, integrasjon mot Google Maps og samarbeid om fotoalbum.

Den oppdaterte utgåva av programmet kan lastast ned frå:

Ein oversikt over nye funksjonar fins her:

Opplærings- og introduksjonsvideoar fins her:

Introduksjon til Adobe Lightroom

Adobe Photoshop Lightroom

Stor takk til møtereferat som Vivian posta, kort tid etter etter at kveldens møte var over. Du må logga inn på Origo og vera medlem i den her fotoklubb-sona, for å lesa innlegget hennas.

Vidare vil eg takka for oppvakte og intresserte deltakarar. Sjølv om kvelden gjekk fort og Lightroom er eit ganske stort tema, trur eg nokon av dei oppmødte fekk utbytte.

Vi lærte om kvar programmet kan kjøpast, kvar ein 30-dagars prøve kan lastast ned, samt kvar ein kan bli med i betatestinga av neste versjon og få fri bruk av programmet ut april 2010.

Vidare lærte vi korleis ein får oppretta ein Adobe-konto# og snakka om at kjøpt programvare kan lastast ned på ny, så lenge ein sjølv har teke vare på serienummeret eller installasjons-nøkkelen.

Vi gjekk igjennom installasjon av programmet på ein Windows-PC. Vi fulgte oppstarts-vegvisaren og snakka om panelet oppe til høgre, der ein velger kva modul ein skal jobba i. Vidare viste vi dei to hovudfelta på høgre og venstre side, samt filmstripa i botn.

Vi snakka om F-tasten som vikslar mellom fullskjerm, tab-tasten som skrur side panela av og på, shift+tab som skrur alle panel av og på, samt L-tasten som dimmar ned lyset.

Vi såg på import av bilete frå kamera, minnepenn/CD og separat mappe, der eg snakka om at ein burde laga seg ei mappe for fotoalbumet sitt i bilde-mappa. Under der viste eg korleis eg lot Lightroom organisera importerte bilete i mapper etter dato:

Då får ein kontroll over store mengder bilete som må oppbevarast over fleire harddiskar og gjer det mogeleg å ta reservekopi av alle bileta for eit år av gongen.

Vi såg på korleis endirngar i bileta ikkje blir lagra over original-fila, og at ein må eksportera resultatet av justeringane sine til nye bilete via Export-knappen. På den måten kan ein ha fleire virtuelle kopiar av same bilete med bøttevis av justeringar som ein seinare kan ta igjen og justera vidare på.

Eg var innom reservekopiering av bileta. Etter at bileta er kopiert frå kameraet til datamaskina, lar eg bileta liggja på kameraet. Først når eg har teke meg bryet med å kopiera ut alle filene (bileta) til minst ein ekstern harddisk, tør eg å sletta originalane frå minnebrikka i kameraet. Det er også luft å oppbevara ein eigen kopi av bileta sine på ein stad utforbi sin eigen heim (bankboks, nettbasert reservekopi, etc.)

Vi snakka også om at Lightroom sitt spørsmål om å ta backup av katalogen (som av og til kjem ved oppstart (eller om du har beta-versjonen – ved avslutting) tar ein lokal reservekopi av databasen. Denne databasen er ein slags tekstfil som samlar alle justeringar du har gjort med alle bileta dine. Hugs at reservekopiane vert liggjande i undermapper under Lightroom-mappa (i bilde-mappa di), og at dei ikkje er tryggja mot harddisk-havari.

Du må sjølv ta reservekopi av Lightoom-katalogen til ekstern harddisk eller liknande!

Heilt på tampen var vi så vidt innom Keywording.

Vi var ikkje innom at du får god opplæring ved å sjå hjelpevideoar på Internett.
Via Hjelp-menyen i programmet, kjem du til den engelske hjelpe- og brukarstøttesida:

Adobe har også ein nettbasert TV-teneste, der du finn fleire opplæringsvideoar:

Ut over dette fins det ubeskriveleg god opplæring hos Lynda.com
Her er eit eksempel på kor bra det kan bli:

Har du synspunkt eller tilbakemelding på dette to (eller to og ein halv) timar lange introduksjons-kurset?
Kommenter i veg :-)

Nytt kamera lansert: Canon EOS 550D

Canon EOS 550D

All relevant informasjon om det nyen Canon-modellen EOS 550D fins no hos Digital Photography Review

Nokon her som let seg frista?

Dyra i Afrika

Sørafrika — Elefant som hilste på oss i Kruger.

Eg måte bar finne noen fleire dyre venner til den enslige Sebraen.

  • Sørafrika — Gul Neshornfugel i Kruger
  • Sørafrika — Rød Neshorn fugel i Kruger
  • Sørafrika — Nilkrokodile i elva ved hotelet i Kruger parkken.
  • Sørafrika — Impala i Kruger.
  • Sørafrika — Kruger nasjonal park.
  • Sørafrika — Sebra i Hluhuwe-Umfoloozi parkken. Ligger i Zululand.
  • Sørafrika — Bøffler i Hluhuwe-Umfoloozi parkken. Ligger i Zululand.
  • Sørafrika — Elefantflokk i Hluhuwe-Umfoloozi parkken. Ligger i Zululand.
  • Sørafrika — Hluhuwe-Umfoloozi parkken. Ligger i Zululand.
  • Sørafrika — Stripe Impala
  • Sørafrika — Hluhuwe-Umfoloozi parkken. Ligger i Zululand.
  • Sørafrika — Hluhuwe-Umfoloozi parkken. Ligger i Zululand. Eliipsevannbukk
  • Sørafrika — Hluhuwe-Umfoloozi parkken. Ligger i Zululand.

Årsmøte i Odda Fotoklubb

Tysdag 16. februar vert det årsmøte for Odda Fotoklubb på frivilligsentralen kl. 18.00
Saksliste:

- Årsmøtesaker
- Innkomne forslag

Innkomne forslag skal leverast til styret seinast 2 veker før årsmøte, altså innan tysdag 2. februar.

For å ha stemmerett på årsmøte må kontigent for 2009 vera innbetalt, dei som ikkje har gjort det kan betala inn 250,- til kontonummer 5281.05.09449

Fine gamle bilder frå Norge.

Se linken under:

Fotoblogg

Eg synnes at dette var kjempe gode bilder.

Ikkje medlemsmøte i dag, 12. januar.

Beklager sein beskjed, men det blir ikkje vanleg medlemsmøte i dag pga styremøte i fotoklubben. Neste tysdag blir det igjen månadens bilete og alle er velkomne.

Juleferien er visst over, drøs i kveld.

Juleferien er over ja, så då starte aktiviteten igjen så smått i dag. I og med att det kom litt brått på att juleferien er over så tar vi berre ein drøskveld i dag og så tar vi månadens foto seinare i januar. Alle er velkomne!

Tips til kamera for nybegynnere

Jeg kom over denne artikkelen i vg som kansje kunne være kjekt for noen nybegynnere å lese og gjerne finne seg frem til et digitalt speilrefleks kamera.

http://www.vg.no/teknologi/artikkel.php?artid=544978

God jul og godt nytt fotoår

Ønskjer alle medlemmer, støttespelerar og fotointeresserte ei riktig god jul og eit godt nyttår. Vi tar julaferie og satse på eit forykande fotoår i 2010. Utstillinga har vore kjekk og lærerik, eg vil takka alle som har bidratt til att vi fekk den på plass. Ein spesiell takk vil eg og gje til frivilligsentralen som alltid er ein god støttespelar, og til NVIM som har gitt oss hjelp og lokale til utstillinga. Vi er heldige som har slike gode støttespelerar.

Følg med på sida her for når vi starte opp igjen etter jul og for vårprogrammet. Vi har fleire kjekke ting på lur som kurs, månadens foto, temakveldar, fotoframsyning og eit nytt spannande utstillingsprosjekt på gang. Tenk gjerne på kva du helst vil gjera på i regi av fotoklubben våren 2010, og send inn forslag til klubben eller rett her i kommentarfeltet.

Annonse