Sesongoppstart for fotoklubben

Faksemile: Bilvandring

Tysdag den 21. august startar vi opp haustsesongen 2012 med ein fotovanding i Hovden.
Det blir oppmøte som vanlig kl. 18:00 på Frivilligsentralen.
Når alle har komt, køyrer vi opp på parkeringa der busstoppet på Eidesflaten (i Jordalsvegen) er, rett framfor Hovden. Mellom kl. 18:15 og 18:30 startar vi sjølve vandringa, der det er fleire flotte motiv:

  • Campingplassen
  • Kjempesteinen (“verdens største” stein)
  • Sandvinsvatnet med flytebrygge
  • Åstø, der Opo startar
  • Opp til hotellet med fin utsikt over Eidesflaten
  • Opp ved mobilmasta med utsikt over Sandvinsvatnet
  • Ned i koldehola
  • Fellesgrilling ved scena (nokon varme klede kan vera lurt!)

Tips: Det kan godt henda at dette tek langt meir enn dei vanlege to timane :-)

Vist 136 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Fordi nokon sa at det blir for sein, så dropper vi grillinga.
Men eg har grillen ståande baki bilen, så om du vil veldig, så kjør på…

Annonse

Nye bilder