Merkeutstyr er kjøpt inn

Kjelde: Instagram

Fotoklubben bestemte på årsmøtet at det kunne brukast inntil kr. 2 500,- på merkeutstyr. Planen var å kjøpa inn ei Dymo-maskin som kunne skriva ut både papiretikettar og laminert tape. Etter å ha orientert meg i marknaden, fann eg særs få som solgte aktuelle variantar av laminert tape til Dymo.

Eg kikka difor til Brother som har veldig bra utval i såkalla TZ-tape i mange fargar og typar. Hos PS.no fann eg ein rimeleg merkemaskin, samt ein etikettskrivar som visst nok skal kunne brukast direkte (utan å installera programvare).

Etter å ha funne fraktkost, la eg til atikettar og batteri, så summen blei kr. 2 493,85

Vist 21 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Nedlasting av programvare, brukarrettleiing, etc.:

Ved nedlasting av P-touch-programvaren kan du bli spurt etter serienummer:

  • M1G296236

For “programlaus” utskrift må du ha Windows, samt at Editor Lite-knappen på skrivaren må vera på.
For å bruka P-touch-programmet som du sjølv har installert på PCen (eller Macen), må Editor Lite-knappen vera av.

Annonse

Nye bilder