Blits til Canon-kamera

Som svar på eit spørsmål som kom på Facebook:

Noen som kan anbefale meg blits til canon? ;-)

Den blitsen som kanskje gjev mest valutta for pengane, heiter Canon Speedlite 580 EX II og kan mellom anna kjøpast hos Eurofoto til kr. 3 485,-

580 EX II har eit ledetal på 58 ved ISO 100 og dekker brennvidder frå (14 mm) 24 mm til 105 mm. Den har best vér-tetting og kan både vera slave og master.

Ein annan blits som gjev mykje for pengane, er Canon Speedlite 430 EX II, som kan kjøpast frå kr. 1 949,- hos f.eks. NetOnNet

Den har eit ledetal på 43, som er bra, men den kan berre vera slave.

Om også dette blir for dyrt, kan ein gå for Canon Speedlite 270 EX som koster frå. kr. 880,- f.eks. hos NetOnNet

Dette er ein liten blits som ledetal 27 og som kanskje berre er litt betre enn den innebygde blitzen.

Til slutt kan det vera verdt å også sjå på ein rimeleg uoriginal Canon Blits, f.eks. Metz 24 AF-1 som kan kjøpast frå kr. 569,- hos Dustin

Den har eit ledetal på 24 og kan vera eit rimeleg alternativ til 270 EX.

Kort oppsummert:

  • Canon Speedlite 580 EX II – Ledetal 58 frå kr. 3 485,-
  • Canon Speedlite 430 EX II – Ledetal 43 frå kr. 1 949,-
  • Canon Speedlite 270 EX – Ledetal 27 frå kr. 880,-
  • Metz 24 AF-1 – Ledetal 24 frå kr. 569,-

Er det nokon som har innspel eller noko å tilføra?

Vist 1001 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder