Eg fekk feil på Eizo-skjermen minI mars i fjor kjøpte eg ein Eizo FlexScan SX2761W for nesten seks tusen kroner. Skjermen er veldig god på foto, heilt til den fekk feil. Vertikale striper som er syneleg uavhengig av signal inn. Eg tok kontakt med det næraste kontoret til produsenten, som visar seg å vera Eizo i Sverige. Dei ser på bilete eg sendte over og ringer meg for å forsikra seg om at det faktisk er noko gale med sjølve skjermen. Dei går med på at dette er ein fabrikasjonsfeil og sender meg ein ny (evt. reparert) skjerm. Den nye skjermen blei levert med bud-bil i løpet av ca. fira dagar. Den gamle skjermen set eg i same eska som nya-skjermen kom i, og ringer frakt-selskapet. Snakk om service! :-)
Vist 21 gonger. Følgt av 1 person. | ||