Obs! Bileta er beskytta av lov om opphavsrett!

Medlemmer i Odda Fotoklubb blir oppfordra til å visa fram bileta sine her i Origo-sona. Alle bileta er i utgangspunktet automatisk verna av norsk lov om opphavsrett. All bruk av bileta skal avklarast på førehand!

Odda Fotoklubb kan formidla kontakt til fotografen om ønskeleg.

Fotoklubben kan ikkje gje bruksrett på vegne av medlemmene.
Det er berre fotografen som kan gje rett til bruk.

Du må også få klarering når du brukar bileta til “gode føremål” og når du krediterer fotografen og/eller klubben.

Vist 347 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Så flott at du skriver dette , sikkert mange som ikke er klar over det.

Ja, alle gjer feil rundt dette, inkludert meg sjølv.
Når vi gjer feil, må vi prøva å retta opp feila.
Meiner du at nokon har misbrukt dine bilete, brukt bilete av deg på feil måte eller vil ha retta opp noko som er feil, då må du faktisk ta kontakt med den eller dei som har gjort feil.

Eg har fleire gongar sletta eller endra på bilete eg har publisert, fordi andre meinte det var feil bruk.

Meld frå om nokon gjer feil, og gjer ditt beste for å ikkje misbruka andre sine bilete!

Flott Håkon , sånn skal det gjøres.

Annonse

Nye bilder