Fotosafari i eplahagen på Tokheim

Faksemile frå Hardanger Folkeblad

Eg såg HF sitt album med blømingsbilete og kom på at folk i fotoklubben hadde visa interesse for fellestur for fotografering av bløming.

Så då ringte eg eplabonden på Tokheim og avklara eit opplegg som fotoklubben kunne gjer i hagen hans.

Tanken er å starta på Egne Hjem kl. 11, laurdag 7. mai.
Vi går i relativt samla flokk opp trappene til Reinena og vidare opp i eplahagen.
På toppen avsluttar vi med fotoutstillinga med Knud Knudsens-bilete.

Arrangementet har atterhald om vér.
Klikk “Delta” om du tenker å bli med, så hugsar eg på å informera deg i tilfelle endring.

Vist 186 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Ja då må du oppreta det i kalenderen først.

Sjå der, så ditré ein kan vera :-p
Eg posta eit innlegg og trudde eg hadde posta ei kalendaroppføring.
Her er kalendaroppføringa:

Håpar nokon finn tid til å bli med!

Eg hadde meg ein safari i Tokheimslia forrige helg!! Skulle gjerne vært med på den safarien òg, Håkon.
Det er ekstra flott oppe på Tokheim no.
Glede meg til å se bildene. Kanskje det kommer et lite bilde på Tokheimssidene òg :))

Annonse

Nye bilder