Fotokurs på Rullestad

Vi får stadige tilbakemeldingar og innspel via Kontakt oss-skjemaet. For ei tid tilbake fekk vi denne meldinga:

Hei: 11-12 februar arrangerer Rullestad Aktiv Fritid fotokurs på Rullestad, Kurshaldar er Espen Mills. Espen har etablert seg som ein framifrå fotograf dei seinare åra og er ein etterspurd instruktør. Informasjon finn de på www.rullestad.org

Eg oversåg kanskje informasjonen om dette på heimesida, så eg veit ikkje pris, etc.
Er det andre som har klart å finna ut av det?

Google seier at det er 30 km frå Odda til Rullestad, så det burde vera overkommeleg å køyra dit for å delta.

Oppdatering: Det var under Nyheter det fants fleire detaljar:

  • Fredag 11. februar kl. 18- 20.30
  • Laurdag 12. februar kl.11- 17.30 inkl pause med steinovnsbakt pizza m/tilbehør
  • Pris for kurset er kr. 1900,-

Er det nokon i fotoklubben som kunne tenka seg å delta på dette?

Vist 164 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder