Lyd til den nye nye projektoren

Kanskje det bør koma på plass ei permanent og god løysing for lyd i kjellarlokala til Frivilligsentralen. Når det no kjem på plass ein ny og god projektor, fastmontert med takfeste, hadde det vert kjekt med innspel til korleis rommet kunne forsynast med lyd.

Fastmonterte høgtalarar som skal kunne brukast frå lydutgangen på ein bærbar PC, er det som må til. Bærbare PCar har alltid minijack-utgang for stereo-lyd. Nokon bærbare har digital lydutgang for surround, mens andre kan få dette til ved bruk av eit USB-lydkort.

Her er forslag til løysing:

Enklast – to aktive høgtalarar
+ Frå PC, rett til lyd-inngangen på første høgtalarar (med innebygd forsterkar) og enkel lyd-kabel vidare til neste høgtalar
- Må føra fram straum til første høgtalar
- Volumjustering (utover det ein gjer på PCen) må skje oppe på sjølve høgtalaren?

Stereoforsterkar og høgtalarar
+ Utprøvd og velkjend løysing
+ Kan utvidast med ekstern sub i etterkant
- Må finna plass til forsterkaren…

Enklaste surroundløysing
+ Enkel 5.1-løysing, f.eks. frå Logitech
+ Veldig rimeleg
- For korte kablar?

Enkel surroundløysing
+ Receiver og høgtalarsett med sub, f.eks. frå Harman Kardon
- Dyr?

Avansert løysing
+ Plasser forsterkar og styringsutstyr ute av syne for brukaren
+ Balansert kabling til høgtalarane (pga. lange kabelstrekk)
- Veldig dyrt

Har du forslag, tankar, idéar og innspel?

Vist 90 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Kan desse vera eit alternativ?

Dei er passe store: 17cm x 19cm x 23.6cm W, D, H.
..og litt tunge: 3.57kg for den aktive og 2.53kg for den passive.

Prisen ligg på ca. 1200,- eks. mva og det..

Litt pinglete kanskje? Eg likte Harman forslaget ditt. Men er det vanskelig å koble? Må vi ha kilometervis med ledning?

Ein del kabel må til, men vi kan gå i taket og evt. bruka sånne kvite kabelskinner.
Eg har snakka med Martin som seier vi treng TEK 123-kanal å montera evt. straum-uttak og kontaktar til skjermkabel, og lyd frå PC.

Oppe langs taket og fram til sjølve prosjektoren, brukar vi ein langt mindre kanal.
Men vi kan ikkje flytta på ting (på ein enkel måte) når det først er montert.
Difor må plassering av prosjektor bestemmast først.

Midt på?
Til venstre?
Skulle vi vurder å snu på heile rommet?
Korleis står lys-kassane, i forhold til plassering av projektor, osb, osb…

Høgtalarar må festast med stativ på vegg eller i tak.
Forsterkaren må ha ein plasering i rommet, på ei hylle eller i eit skap.
Vi bør ha ei hylle eller helst eit lite skap til kablar.

Annonse

Nye bilder