Lyssterkt Canon-objektiv til speglrefleks

Eg får ofte spørsmål frå folk som eig Canon-kamera, og som vil oppgradera med eit meir lyssterkt objektiv. Objektivet som følger med kameraet krev ofte bruk av blits for å kunne ta akseptable bilete inne. Så kva skal ein kjøpa?

Eg ville gått for eit objektiv som var absolutt mest lyssterkt, og heller valgt vekk funksjonar som biletestabilisator, zoom, etc.

Det mest prisgunstige alternativet er:

Eit hakk opp, og med metallinnfatning og større blendaropning:

Om 50 mm blir for trangt for deg (du må stadig lenger unna, for å få med det du vil fotografera), kan eit av 35 mm-objektiva vera eit alternativ. Her er eit som ikkje er fullt så lyssterkt, men likevel akseptabelt:

Og om pengar ikkje er viktigst, så kan du prøva deg på ein:

Er det nokon her som har erfaringar med nokon av desse objektiva? Fins det andre modellar som burde vert omtalt i same slengen? Kom med innspel :-)

Vist 573 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Har lurt litt på Canon EF 50mm f/1.8 II bare for å testa siden det er rimeligt. Men 50mm er kanskje litt “trangt” som du sier. Men et 24mm feks kan jo være litt kjekt å ha. Et eksempel: http://www.fotovideo.no/aspx/produkt/prdinfovnet.aspx?plid=11878 Sigma

Når det blir gjort så vakkert som detta, så fristar det faktisk veldig:

(klikk på filmen for å sjå den med 720p eller 1080p)

Men når Sigma 24mm F1.8 EX DG Macro er med, så må kanskje Sigma 20mm F1,8 EX DG også vurderast?

Her er ein diskusjons-tråd der desse to objektiva blir diskutert:

Eg har no samla 11 ulike objektiv som har ein blendar på f2 eller større:

Fins det fleir, då?

Canon EF 50mm f/1.8 er faktisk et svært godt objektiv – særlig med tanke på pris (dog, det fokuserer ikke spesielt raskt og føles veldig plastikk, men så lenge det ikke er ting som beveger seg hurtig, er ikke dette av betydning). Kan godt låne og prøve mitt.
Ellers er vel Canon 70 – 200mm 2,8 mitt favorittobjektiv (spesielt på konserter!). Kommer tett på – samtidig er det svært lyssterkt og lynkjapt. Kjøpte mitt brukt via foto.no (meget god erfaring med bruktoptikk herfra – anbefales!). Går vel praktisk talt ikke ut av huset uten dette ved min side :)

Eg bruker denne canon 50mm 1/8 endel, funker utmerket til mitt hobby bruk.. Den er liten og lett og som sagt så funker det helt greit, slipper å blitze hele tiden.. Eg kjøpte den på ebay kun for å prøve, 400kr og fikk da med en pen fotobag..

Annonse

Nye bilder