Mine erfaringar med Pro-konto på Flickr

Flickr Pro

Då eg skulle hjelpa søstra mi å få registrert Pro-konto på Flickr, tok eg lika godt å spanderte på meg ein Pro-konto sjølv også. Eg har alt eit par Flickr-kontoar, men brukte no sjansen til å oppretta ein heilt ny og tom konto. Etter at kontoen var oppretta (med ekte namn og kontaktinfo), oppgraderte eg den til Pro:

Pris for to år: $47.99
Pris i NOK: kr. 335,-

Det blir litt under 50 øre per dag.
Eg får då ubegrensa lagring av JPG-utgåver av bileta mine (Flickr har ikkje støtte for RAW eller DNG-filer), samt at eg kan laga så mange foto-sett (album) eg vil.

Så no tenker eg å få ulike erfaringar med Pro-kontoen, som eg har lyst å posta i den her tråden.
Det er også veldig kjekt om kanskje du vil dela dine erfaringar eller spørsmål med/til Flickr Pro-konto.

Vist 67 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder